I år er dagen særleg aktuell sidan CRPD ("Convention on the Rights of Persons with Disabilities") - FN sin konvensjon om rettar for personar med funksjonshemming - vart norsk lov ved nyår. Dette utfordrar også kyrkja. Dette kan du lese meir om i denne artikkelen av Tor Ivar Torgauten: Fra utenforskap til fullverdig deltakelse i sitt trossamfunn - Stiftelsen SOR.
Den kyrkjelege utfordringa ligg på fleire plan:
- Retten til liv: Barn med Downs er svært utsette for selektiv abort. Dei seinare åra har ny teknologi og lovgjeving innan fosterdiagnostikk forsterka dette. No vert såleis 75% av dei som vert diagnostiserte med Downs syndrom aborterte.
- Retten til fellesskap: Mange med Downs opplever einsemd. Tema for Downs-dagen i år er såleis "Saman mot einsemd". I dette har vi som kyrkje eit stort ansvar, som forvaltarar av fellesskap med både Gud og menneske. I tilfanget under funn du døme på kva dette inneber i praksis.
I Bjørgvin bispedøme arbeidet Inkluderingsutvalet særleg med dette. Sjå lenke nedst på sida.
På Downs-dagen kan du gje di støtte på synleg vis ved å bere to ulike sokkar (Rockesokk) for eit fargerikt fellesskap. Dette er ein internasjonal dag, les meir om den via lenke nedst på sida.
