Prost i Ryfylke

Kyrkja i Ryfylke treng ny prost! Vi søkjer deg som er god på samarbeid og som vil arbeide strategisk med korleis kyrkja kan utvikle seg som folkekyrkje. Søknadsfrist 7. april.

Publisert:

Kyrkjeleg tilsette i Ryfylke samla i jubileumshelga i fjor. No treng dei ny prost.
Kyrkjeleg tilsette i Ryfylke samla i jubileumshelga i fjor. No treng dei ny prost.

Prosten er sentral i arbeidet med å realisere visjonen til Den norske kyrkja, «Meir himmel på jord», i prostiet. Kyrkja i Stavanger bispedømme er levande, nær og tilgjengeleg, med Jesus Kristus i sentrum.

Ryfylke prosti er eit geografisk vidstrekt prosti i Stavanger bispedømme, med ein felles identitet knytt til Ryfylke-regionen. Området spenner frå fjord- og fjellbygder til mindre tettstader, og speglar eit mangfald av lokalsamfunn og kyrkjelydar. Prostiet omfattar i dag 10 sokn fordelte på 4 kyrkjelege fellesråd i kommunane Sauda, Suldal, Strand og Hjelmeland. Prostiet har seks sokneprestar og éin prosti- og fengselsprest prest, i tillegg til prosten.

Vi søkjer etter ein prost som har evne og vilje til samarbeid og medarbeidarskap, og som kan motivere og inspirere medarbeidarar og kyrkjelydar. Den nye prosten har evne til å arbeide strategisk med korleis kyrkja kan utvikle seg som folkekyrkje. Prosten har ei sentral rolle i å utvikle prestetenesta og samarbeidet med kyrkjelege råd og lokale arbeidsgivarar.

Vidare søkjer vi ein prost som kan styrkje samarbeidet mellom kyrkje og samfunn, og som kan representere kyrkja på ein profesjonell og tydeleg måte overfor media, politikarar, kulturliv og ulike samfunnsaktørar. God kommunikasjonsevne og evne til å byggje relasjonar er derfor viktig.

Prosten inngår i det regionale leiarskapet til biskopen, bistår biskopen og gjer teneste som kyrkjelydsprest slik biskopen fastset. Prosten leier prestetenesta i prostiet og har det daglege arbeidsgjevaransvaret for prestane i prostiet.

Stavanger bispedømme har fokus på samledelse mellom prostar og kyrkjeverjer.

Prosten har prostesekretær i 20 % stilling.

Prostesetet ligg i Hjelmeland sokn.

Les heile utlysinga og søk på stillinga innan 7. april her. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"