Stavanger bispedømmeråd søkjer etter vikar i 100 % for soknepresten i Ogna sokn, Jæren prosti for perioden frem til 12. mars 2026.
Ogna kyrkjelyd sin visjon er: «Med Jesus ut i kvardagen – ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje». Arbeidet med kyrkjeleg undervisning og gudstenestene er prioritert. Det er ønskjeleg å arbeide videre med eit godt samarbeid med lag og organisasjonar i soknet.
Jæren prosti består av kommunane Klepp, Gjesdal, Time og Hå. Ogna ligg i sistnemnde kommune. Hå kommune og Hå fellesrådsområde fell saman, og utgjer eit samarbeidsområde med 3 sokn: Ogna, Varhaug og Nærbø. I Ogna sokn bur det vel 3000 menneske, og om lag 2250 av dei er medlemmer i Den norske kyrkja.
Soknet har nyleg gått over til halv forordning, det vil seie gudsteneste annankvar søndag. Vikarpresten vil ha ansvar for desse, samt gå inn som vikar i Varhaug på frisundagane til soknepresten der.
Soknet har tilsette i fleire stillingar: dagleg leiar, organist, kateket og kyrkjelydspedagog. Soknepresten har sitt kontor på Varhaug og har stabs- og kontorfellesskap med medarbeidarane i Varhaug og Ogna sokn.
Ogna kyrkje er ei middelalderkyrkje bygd i 1250. Etter ein brann blei kyrkja bygd opp igjen og innvia i 1995. Kyrkja har eit kyrkjeskip frå middelalderen og nybygg med menighetssal og kjøkken.
Les meir om Ogna sokn på heimesidene deira og på Facebook.