Vigsel
Vigsel er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og onde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gitt med vitne til stades.
Dei som ønskjer å gifta seg i kyrkjene våre, må først ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale dato.
Så må kvar av brudefolka fylle ut "Erklæring for prøving av ekteskapsvilkåra", og kvar av forlovarane må fylle ut "Forlovererklæring". Desse papira kan ein laste ned i boksen "Viktige skjema" nedst på denne sida. Ein leverer dei ferdig utfylte papira til folkeregisteret. Utanbygdsbuande brudepar lyt betale for vigsel, satsane får de ved å kontakte kyrkjekontoret.