Dåp i kyrkja

Når eit barn vert boren til dåp vert vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Gjennom dåpen vert vi ein del av kyrkja, eit fellesskap som strekker seg over heile verda - og gjennom alle tider. Det er ei markering der bornet har alle sine viktigaste støttespelarar rundt seg, og der Gud lovar å følge bornet alle dagar.

Jesus døypte ikkje, men utfordra menneske han møtte til å vere saman med han og følgje han. Etterfølgjarane til Jesus fekk i oppdrag å gje dåpen vidare til menneske over heile verda og å undervise om Gud sin gode vilje med menneska sine liv.

Alle som ynskjer dåp er velkomen til å ta kontakt for meir informasjon. Når familien bur i Nord-Fron og ein av foreldra er medlem av kyrkja, vil dei få informasjon med invitasjon til dåp. Dei som ynskjer dåp i Nord-Fron, tek kontakt med kyrkjekontoret for å avtale ein dato.

Sitat

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Johannesevangeliet, kapittel 3, vers 16