Velkomen til bryllaup hjå oss!

Mange tenkjer på kyrkjebryllaup som noko som må vere stort, med mange gjester og eit større budsjett. Slik treng det ikkje vere. Bryllaup er ei stor feiring av kjærleiken – uansett. Seremonien kan vere enkel eller stor, men han er like  tradisjonel og  heilag som eit kyrkjebryllaup uansett. Heilt enkelt, like stort! På bryllaupsdagen vert ekteskapet sett inn i ein større samanheng. Ekteskapet og framtida dykkar vert bedne for – i eit vakkert kyrkjerom. Med tekstar som rører, gir de løftet om å elske og ære kvarandre.

Et brudepar som setter på hverandres ringer

Vi legg til rette for vigsel i ei av kyrkjene i Nord-Fron alt ettersom kva dykk ønsker. 

Kom som du er
I våre kyrkjer kan de kome akkurat som de er, i kvardagsklede eller pynta om de ønskjer det. De må ha med prøvingsattest og ID. Det kan godt vere ei enkel vigsle. Kyrkjekontoret kan ordne med enkel servering i med kake og kaffi etter vigsla, dersom de ønskjer det.

Prøvingsattest
Presten har ein samtale med dykk før vigselen. 

Det einaste de må førebu, er å ha med utskriven prøvingsattest og forlovarar. Viss ikkje stiller vi som vitne. Prøvingsattesten blir bestilt hos Skatteetaten i god tid før bryllaupet, gjerne fire veker før for å vere sikre på å få han i tide. Utan prøvingsattest kan de ikkje bli gifte.

Ikkje nøl med å ta kontakt med kyrkjekontoret på tlf. 61 21 62 90 om du lurer på noko. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"