OBS! Denne sida er under aktiv utvikling.
Knarvik kyrkje
Knarvik kyrkje er ei arbeidskyrkje frå 2014 og er hovudkyrkja i Knarvik sokn. I hovudetasjen finn du kyrkjerommet med plass til mellom 294 og 485 personar, avhengig av oppsett. Her er det eit flott Metzler pipeorgel frå 2015 med 37 stemmer og eit Yamaha C7 flygel. Kyrkjerommet er utstyrt med lyd- og lysanlegg.
Kyrkjetorget kan brukast anten som del av kyrkjerommet til større konsertar/arrangement, eller som entré, samlingslokale o.l. Det er glassvegg mellom kyrkjerommet og kyrkjetorget som vert fjerna når det er behov for mest mogleg plass i sjølve kyrkjerommet.
I hovudetasjen finn ein også eit mindre kjøkken til t.d. kyrkjekaffi; kapell/stille rom; søndagsskulerom; garderobe og WC inkl. tilrettelagt WC. Det går også heis ned til kjellaretasjen.
I kjellaretasjen har vi to flotte lokale som høver godt både til fest, kurs, seminar, møte m.m. Desse heiter "Speilsalen" og "Petersplassen". Desse kan du lesa meir om her. I tilegg er denne etasjen utstyrt med storkjøkken med m.a. kjøl, frys og steamer til oppvask. Garderobe og WC inkl. tilrettelagt WC finst også i denne etasjen, samt ungdomsrom, lydstudio og kontoravdelinga.
Alversund, Seim og Lygra kyrkjer
Alversund: Kyrkjevegen 1, 5911 Alversund
Seim: Seimsleitet 80, 5912 Seim
Lygra: Lurevegen 1463, 5912 Seim
Desse er tradisjonelle kyrkjer i klassisk norsk kyrkjestil. Alversund (1879) har plass til 170 personar. Kyrkja har eit eldre Jørgensen orgel og eit nytt Yamaha S3 flygel. Seim (1878) har plass til 200 personar. Kyrkja har eit godt Bruno Christensen-orgel og piano. Lygra (1892) har plass til 230 personar. Her er det piano samt eit eldre pipeorgel.
