Brannvakter - rømmingsvegar
Informasjon om evakuering skal lesast opp før eller i starten ved kvart arrangement med meir enn 250 person til stades. Leigetakar har ansvar for at dette vert gjort.
Når det er meir enn 250 til stades skal leigetakar stille med 3 brannvakter. Kyrkjetenar gjev informasjon til brannvaktene før arrangementet tar til. Brannvaktene skal ha gul vest lett tilgjengeleg, og skal ved evakuering vite kva utgang dei skal stå ved.
Ingenting skal setjast i vegen for nødutgangane.
Dersom stativ til lyskastarar og høgtalarar blir sett opp, skal det vere rømmingsveg rundt desse i ein breidde på minst 120 cm.
Flytting av flygel, møblar/stolar
Flygel eller liturgiske møblar skal ikkje flyttast på utan at leigetakar har spurt om dette på førehand.
Stolar skal ikkje takast bort utan at det er spurt om det på førehand. Når stolar er flytta på, skal dei setjast tilbake av arrangør.
Det skal ikkje vere mat og drikke i kyrkjerommet. Unntaket er vatn.
Bruk av flygel og orgel
Gjer avtale om de ønskjer å bruke flygel. Flygelet vert stemt to gonger i året. Viss arrangør vil ha nystemt flygel, må de betale for dette. Ta kontakt med organisten. Vi nyttar Bergen pianoforretning til stemming. Det er ikkje lov å plassere gjenstandar på flygelet.
Orgelet kan brukast etter avtale med organisten.
Fakkelboks/levande lys
På grunn brannfaren er det ikkje tillate med fakkelboks/open flamme på kyrkjetrappa/kyrkjebakken. Ver også forsiktig med plassering av levande lys inne i kyrkjerommet. Levande lys skal ikkje plasserast på golvet.
Sitteplassar – med og utan glassvegg
Når glassveggen er på plass, er det ca 300 sitteplassar i Knarvik kyrkje. Leigetakar må gje beskjed på førehand viss ein ønskjer at glassveggen skal takast vekk og det skal settast ut stolar på kyrkjetorget.
Utan glassvegg er det om lag 490 sitteplassar. Viss ein tek vekk stolar for å få plass til kor, instrument, miksepult, høgtalarar m.v. vert det færre sitteplassar.
Maks tal personar som kan vere i kyrkja (hovudetasjen) er 550 (inkludert medverkande).
Parkering
Merk at parkeringsplassen framfor kyrkja kan brukast ved varetransport, men elles er reservert handikap-parkering. Parkeringsplassen til kyrkja ligg ovanfor kyrkja.