– Eit sår i Noregs historie

26. januar 2001 vart Benjamin Hermansen vart drepen i eit rasistisk angrep. I år er det 25 år sidan, som mellom anna vart markert på håpsmesse i Homlia kirke, der preses Olav Fykse Tveit heldt preike.

Publisert:

Bildet er laget av Antirasistisk senter, utviklet av Erik Heisholt og Arnstein Sarset i Supernordic Creative Studio og illustratør Jonas Bødtker.
Bildet er laget av Antirasistisk senter, utviklet av Erik Heisholt og Arnstein Sarset i Supernordic Creative Studio og illustratør Jonas Bødtker.

26. januar er det 25 år sidan Benjamin Hermansen vart drepen. 15 år gamal vart han drepen i eit rasistisk angrep på Holmlia i Oslo.

– Eit heilt lokalsamfunn vart hardt ramma av drapet på Benjamin Hermansen. Ja, ein heil og by og ein nasjon, også. Dette skulle berre ikkje skje, men skjedde likevel. Det vart eit sår i Noregs historie.

Det seier leiande biskop i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

– Men folket her på Holmlia reiste seg og protesterte mot rasismens kraft og mørke. Framtida skulle bli annleis.

Håp for framtida

I samband med 25-årsmarkeringa etter drapet, var det håpsmesse i Holmlia kirke, søndag 25. januar. Preses Olav Fykse Tveit heldt preika. 

I preika snakka han om at håp er å sjå framover, mot den framtida som vi lengtar etter, og å handle deretter. Men han la til at å håpe er også å sjå bakover.

– For gjennom å minnast viktige ting som har skjedd, og viktige menneske som har levd, gir vi plass til andre tankar og andre kjensler. Dels fordi vi ser kor galt det kan gå når vi menneske ikkje gir plass til kvarandre i samfunnet og i hjarta vårt.

Fykse Tveit snakka om rasismens kraft og logikk og kva det kan føre til:

– Du tilhøyrer ei gruppe, som ikkje skal vere her. Difor kan den bli: «Du skal ikkje du vere her». Holocaustdagen som kjem om få dagar minner oss om denne vondskapen, dette umenneskelege mønsteret i tanke og handlingar. Det vi ikkje trur eller vil tru kan skje her hos oss i det liberale demokratiske Noreg, det kan skje nettopp her.

Sanninga kan få oss til å håpe  

Bibelteksten for dagen handla om den blinde mannen som ropte på Jesus utanfor Jeriko. Fykse Tveit peika på det menneskelege spørsmålet som Jesus stiller.

– Det er eit djupt menneskeleg fellesskap mellom dei to, når Jesus drar han nærmare seg og spør «Kva vil du eg skal gjere for deg?». Det er det motsette av rasismens logikk som støyter andre frå seg, som heller spør om noko som kan redusere din plass her, dine moglegheiter, og ikkje minst: ditt håp.

Benjamin Hermansen vert minna fordi vi ikkje skal gløyme kva som er sant, meiner preses.

– Sanninga kan få oss til å håpe. Ho kan få oss ut av ei grå tåke av tankar og kjensler, slik at vi ser kvar vi er og kva vi eigenleg har for oss. Slik at vi i tide kan velje rett, og gå rett veg.

Les heile preika til preses Olav Fykse Tveit her

Preike i Holmlia kirke, 25. januar, 2026, 4. sundag i openberringstida.

Bibeltekst: Lukas 18, 35-43

Takk for invitasjonen til å delta her på Holmlia i denne sterke håpsmessa!

Det er tre ulike forteljingar i dag som kvar på sin måte handlar om å håpe.

Håp er å sjå framover, mot den framtida som vi lengtar etter. Håp er å handle deretter, og å gjere det som høyrer dette håpet til.

Men å håpe er også å sjå bakover. For gjennom å minnast viktige ting som har skjedd, og viktige menneske som har levd, gir vi plass til andre tankar og andre kjensler. Dels fordi vi ser kor galt det kan gå når vi menneske ikkje gir plass til kvarandre i samfunnet og i hjarta vårt. Men gjennom minnet kan vi også sjå at noko nytt heile tida kan skje mellom menneske – og at dette nye kan vere at noko vert sunt, friskt, heilt, sterkt og vakkert.

Dei to første forteljingane handlar i utgangspunktet om det som var.

Den første er det som har gitt overskrift til det som skjer i dag og i morgon: Historia om Benjamin Hermansen. 15 år gamal vart han drepen på open gate her på Holmlia. Det er 25 år sidan, men for mange er det nok framleis svært nært i tanken og i følelsane. Og når de nå minnest han og det som skjedde med han, er det for å ikkje gløyme det som skjedde. Men også for å ikkje gløyme han med sin person, sine gåver og relasjonar, som ein av oss og dette lokalsamfunnet.

Vi minnest han for å ikkje gløyme kva som er sant, både om oss og kva som er sant om den verda vi lever i. Sanninga kan få oss til å håpe. Ho kan få oss ut av ei grå tåke av tankar og kjensler, slik at vi ser kvar vi er og kva vi eigenleg har for oss. Slik at vi i tide kan velge rett, og gå rett veg.

Benjamin vart drept for sin hudfarge, fordi han var i den gruppa av menneske i verda som ikkje var så kvite eller rosa som eg er.

Rasismens kraft og logikk kan i sin konsekvens leie dit: Du tilhøyrer ei gruppe, som ikkje skal vere her. Difor kan den bli: Du skal ikkje du vere her. Holocaustdagen som kjem om få dagar minner oss om denne vondskapen, dette umenneskelege mønsteret i tanke og handlingar. Det vi ikkje trur eller vil tru kan skje her hos oss i det liberale demokratiske Noreg, det kan skje nettopp her.

Holmlia er eit namn som gir meg håp. For eg veit at her har nokon stått opp mot det som knuser håp. For eg veit at her er det mange som ville lage eit lokalsamfunn der ein også i dag vil leve sammen med alle dei som høyrer til her, i eit mangfaldig fellesskap. Heller ikkje her er alt slik ein ønskjer. Difor blir det også vanskeleg når det ikkje synest klart kva som skjedde ei kort tid etter Benjamins død med Benjamins nære ven, Victor.

Håp er at vi ønskjer, veldig sterkt, at alt skal bli bra. At ein må heve stemma, rope høgt på eit eller anna vis. Det er nokon gonger i livet vi kjenner at det berre må vi. For det kan ikkje vere slik det er akkurat no.

Slik var det for 25 år sidan. Eit heilt lokalsamfunn vart hardt ramma av drapet på Benjamin Hermansen. Ja, ein heil og by og ein nasjon, også. Dette skulle berre ikkje skje, men skjedde likevel. Det vart eit sår i Noregs historie. Men folket her på Homlia reiste seg og protesterte mot rasismens kraft og mørke. Framtida skulle bli annleis.

Den andre forteljinga har vi høyrt lest frå Lukasevanheliet.

I kyrkja les vi tekstar om det som var, frå det Jesus gjorde og sa, frå det som skjedde med han gjennom hans liv, men også hans død og oppstode frå dei døde.

Det gjer vi for å minnast han. Men vi les og høyrer desse forteljingane for noko meir enn at vi skal hugse på at han var ein person som levde her på jorda. Vi les desse forteljingane fordi desse orda kan skape noko nytt i oss. Og det er fordi vi i kyrkja brukar desse orda til å få sagt kva det betyr at Jesus lever i dag. Jesus går rundt i verda på sin måte, også i dag. Det er på ein annan måte, men likevel på ein måte som kan berøre oss også.

Det er ei forteljing frå verdas bunnpunkt. Jeriko ligg 300 meter under havets overflate. Det er ei forteljing om eit menneske som er på sitt livs bunnpunkt, som hadde det mørkt midt i solsteiken. Han er blind, og må tigge for å overleve. Eit menneske med lite håp om ei god framtid der i si tid og sitt samfunn. Han var til bry for sine friske medmenneske. For han ropte, og han ropte høgt. Frå djupet av si sjel, frå djupet av sitt hjarte, frå djupet av sitt liv: «Jesus, du Davids son, ver barmhjertig mot meg» «Jesus, miskunna deg over meg.» Han hadde høyrt noko om Jesus frå Nasaret som hadde tent eit håp i han. Og no handla han deretter: Han ropte. Han høyrte ikkje på dei andre folka som ba han vere stille.

Det er eit bilete av kva som skjer når du vert sett, med eit kjærleg blikk, med eit nådig blikk, når du får miskunn.

Jesus stoppar, tar initiativ til å sjå og høyre kva den blinde mannen vil. Det skjer noko i relasjonen mellom dei. Han vert sett som den han er, med det han har av styrke og det som hindrar han i å leve eit liv slik han håpte, med syn og andre sansar. Det at han blir sett og høyrt bidrar i seg sjølv til at han vert heil. Han får vite at han høyrer til i det fellesskapet som Jesus etablerer.

Det er eit djupt menneskeleg fellesskap mellom dei to, når Jesus drar han nærmare seg og spør «Kva vil du eg skal gjere for deg?». Det er det motsette av rasismens logikk som støyter andre frå seg, som heller spør om noko som kan redusere din plass her, dine muligheter, og ikkje minst: ditt håp.

Denne forteljinga er ei av mange som vil vise at Jesus er Gud sjølv på jorda. Gud kjem som eit menneske som møter eit anna menneske, der det er, med sin nød og manglande verdighet frå andre menneske.

Men møtet med Jesus gjer også at han får vise sin styrke. Styrken til å ikkje gi opp, og ikkje gøyme seg, til å spørre og vere nysgjerrig, til å gripe muligheten til forandring. Det er styrken til å rope, til å be, til håpe at forandring er mulig. Her og no.

Så fortel evangeliet oss forandring er mogeleg. 

Dette er ei forteljing med ein bodskap til oss som er samla for å minnast tragedien, ugjerninga som skjedde her for 25 år sidan. Men også for å minnast Benjamin som den ressurs han var, hans styrke og vilje, som det menneske som høyrte til her. Han hadde familie, vener, klassekamerater, naboer.

Forteljinga om mannen ved Jeriko er eitt av fleire bilete av den guddomlege måten å møtast på. Og tenkjer vi etter, er det også den djupt medmenneskelege måten å møtast på.

Trua på Gud er ikkje først og fremst tankar og idear om noko som vi ikkje kan forstå eller definere. Trua på Gud er tilliten til at Gud vil oss vel, at Gud vil gi oss miskunn og nåde, og at Gud vil vere oss nær i alt – i liv og i død.

Den blinde mannen sto opp og følgte Jesus, og æra Gud. Hans lovsong til Gud vart også hans protest mot alt og alle som ville halde han nede. Slik vart han eit ekko av det vi høyrte lest frå Salme 146: «Stol ikkje på fyrstar, menneske som ikkje kan hjelpa…. Herren gjev dei blinde syn. Herren reiser dei nedbøygde opp…Herren vernar innflyttarar… Halleluja!»

Og då er vi inne i den tredje forteljinga.

Det er den vi skal lage med våre liv og vårt fellesskap i dette samfunnet vi lever i.

Det gjer vi ved å spørre korleis kan vi følge Jesus – i dag? Og nokre svar ligg i dei to fortlejingane vi har reflektert over om det som var.

Å følge Jesus er å ta dei andre menneska på alvor, for den dei er. Å følge Jesus er å våge å tenke at eg også kan spørre, høgt eller stille: «Kva vil du eg skal gjere for deg?» 

Det er eit spørsmål som får oss heile tida til å sjå utover, til dei andre, til den andre. Og ikkje berre sjå på, men ta ansvar sammen. For alle som er vår neste.   

Det er eit spørsmål som også får fram styrken både i oss sjølve og i andre. Vi kan vere noko for andre. Vi kan gjere noko for andre. Dei kan vere noko for oss.

Jesu spørsmål minner oss om eit anna kjent utsagn: «Det du vil at andre skal gjere mot deg, skal du gjere mot dei.» Den gyldne regel formulerer Jesus slik. Her i møte med den blinde i Jeriko formulerer han den i praksis. Spørsmålet er med andre ord: Kva ville vi gjort, om vi var i den andre sine sko? Om det var eg som var nødt til å sitje på vegkanten og tigge? Om det var eg og vi som var utsatt for rasismens trykk og fare?

Den gyldne regel er formulert av mange, i mange religionar og kulturar. Det er noko djupt menneskeleg, ja, medmenneskeleg i dette. Det er erfaringa frå det som har skjedd som her får kome til orde, og fortelle oss korleis vi alle kan klare oss – i eit fellesskap, i familie, klasse, i arbeid, i eit lokalsamfunn, i kyrkja, i samfunnet vårt, i verda. Det er både den vonde og den gode erfaringa som her kjem til uttrykk. Nokon har difor også formulert det motsatt: «Det du ikkje vil at andre skal gjere mot deg, det skal du heller ikkje gjere mot dei.» Slik kan vi også få hjelp til å bli klar over både kvardagsrasisme og strukturell rasisme i oss sjølve og i kyrkja og samfunnet elles.

Difor treng vi å minnast og reflektere over forteljingane om det som var, både når det gode skjedde og når det vonde skjedde.

Som kristne, som følger Jesus, handlar det om både høyre på forteljingane om det som var og å vere med og skape dei nye forteljingane om kva det betyr. Det er berre framtida vi kan forme. Men den skal vi forme. Kvar dag.

Både i blikket bakover og i forventninga framover deler vi trua, tilliten til at Gud har eit menneskeleg ansikt, at Gud vil høyre oss, sjå oss, og gi oss miskunn. Difor kan vi høgt eller stille alltid rope til Gud: Ver meg nådig! Vis meg miskunn, barmhjertighet! Bøn er det mest demokratiske i all religion, også i vår kristne tru. Vi kan alle be, når som helst, kven som helst, kvar som helst.

I kyrkja får vi ord og uttrykk for å gjere det. Og her har vi endå til tatt ropet frå denne blinde mannen i Jeriko inn i kvar gudsteneste, i liturgien: Kyrie, eleison! Herre, miskunna deg over oss! Og vi lar det gå over i takken og lovprisinga av den eine, sanne Gud: Ære vere Gud i det høgste!

Det er ikkje slik at når vi ber, og legg det vi har fram for Gud, så legg vi bort vår eiga rolle. Vi vert dratt nærare, vi vert med i Jesus følge, det følge som ser og høyrer andre. Å be til Jesus for oss og for andre gjer noko med oss sjølve og relasjonane mellom oss.

Det er Jesus som lærer oss å spørre: «Kva vil du eg skal gjere for deg?» Det er også han som kan hjelpe oss å svare og å ta svaret på alvor. Og difor ber Jesus oss fortsette arbeidet for eit rettferdig samfunn, der vi kan leve i fred med kvarandre. Enten det er her i nabolaget, i byen, eller i verda. Det er den framtida der det ikkje er den som brukar makt eller våpen mot den andre som har rett.

Det som er rett og sant kjem til uttrykk når vi viser styrken vi har til å sjå kvarandre, den andres behov. Det er det beste også i vårt samfunns styrke. Den vi treng for å gå vidare sammen. Inn i framtida. Uansett kva den vil bringe.

Då kan vi, på vår veg, som den blinde mannen, kome til å sjå noko nytt. Og vi kan sjå det djupt menneskelege i å takke Gud, som ein protest mot vondskapen i denne verda.

Vi kan og skal gi ære til Gud, vår skapar, frelsar og trøystar, Fader, Son og Heilag Ande, som var, er og vere skal, èin sann Gud, frå æve og til æve. Amen.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"