Eitt unnskyld og mange takk

I dag sa Olav Fykse Tveit, den leiande biskopen, unnskyld for skam, smerte og skade som Den norske kyrkja har påført skeive. Han uttrykte sa samtidig takk til alle som hadde bidrege til endring.

Publisert:

Preses Olav Fykse Tveit utenfor London Pub i Oslo. Foto: Den norske kirke
Preses Olav Fykse Tveit utenfor London Pub i Oslo. Foto: Den norske kirke

På London Pub i Oslo i dag, sa Den norske kyrkja sin leiande biskop, Olav Fykse Tveit, unnskyld til alle skeive og pårørande.

– Den norske kyrkja har påført skeive skam, stor skade og smerte. Det skulle ikkje skjedd. Difor seier eg i dag: Unnskyld!

Unnskyld og takk

Innleiingsvis lista preses opp ei rekke av måtane kyrkja gav skeive skader og smerte, mellom anna at kyrkja nekte likekjønna par å gifte seg, at kvalifiserte skeive ikkje fekk jobbe i kyrkja – og at HIV og AIDS vart kalla Guds straff over homofile.

– Dette har ført til at skeive har kjent på skam, som resultat av ei rådande forteljing av kva kjærleik som er riktig eller feil, og press frå kyrkja til å skjule eller fornekte kven dei var, sa Fykse Tveit.

Samtidig var han oppteken av å takke dei som hadde bidrege til utvikling i kyrkje og samfunn:

– Takk til alle som har kjempa. For seg sjølv og for andre. Takk til deg som tok kampen åleine, og til deg som organiserte deg. Takk til deg som heiste flagget, i påvente av nye vedtak i kyrkja. Utan dykk hadde vi ikkje stått her i dag.

Etter talen til preses Olav Fykse Tveit, var det tid for respons frå organisasjonane Skeivt Kristent Nettverk, Profesjonsforbundet Spir og Foreningen Fri. Desse responsane blir lagt nedst på denne sida så fort dei verdt heldt.

Les teksten: Unnskyld til skeive

Kjære alle saman,

Vi er samla på London pub. Dette er ein symboltung stad. Ein trygg stad for skeive gjennom nesten femti år. Staden der terroren råka under Oslo Pride 25. juni for tre år sidan.

Takk for at vi får vere her!

I 2022 erkjente biskopane i Den norske kyrkja at den institusjonen vi leier har påført skeive smerte og skade. Då er det rett at vi også tar ansvar som kyrkje, og seier unnskyld.

Nokon kan tenkje at det er for seint, nokon meiner det er for tidleg. Vi meiner det er rett å ikkje vente lenger.

Vi, biskopane i Den norske kyrkja, markerer i dag verken eit startpunkt eller at vi er i mål. Likevel er det ein merkedag. Dei siste åra har vi hatt ei rekkje møter og samtalar med skeive og deira ulike interesseorganisasjonar. Det er raust når dei som tidlegare opplevde seg fordømt av kyrkja, har tatt i mot oss med opne armar. Det er nåde.

Eg gler meg over dette, og ser fram til å møtast vidare!

Fleire har formulert og fortalt sine historier, og latt oss få del i dei. Det gjer sterkt inntrykk å lytte til medmenneske sine opplevingar og livserfaringar. For mange har det kosta mykje å dele, å gjere seg sårbar – også på den måten. Takk til alle som har delt si forteljing!

Vi har høyrt om kva kyrkja har betydd. På godt og vondt – men mest på vondt i denne samanhengen. Det gjeld haldningar til skeive og deira liv. Det handlar om kyrkjas praksis i formelle og uformelle møter og samtalar – i alt som er sagt og alt som ikkje er sagt.

Det har hatt store negative følgjer for mange menneske:

– Kyrkja nekta lesbiske og homofile å jobbe i kyrkja, sjølv om dei var kvalifiserte.

– Frivillige medarbeidarar fekk ikkje plass eller bidra i fellesskapen i kyrkja – på grunn av legning eller samliv.

– HIV og AIDS vart kalla Guds straff over homofile. Det legitimerte stigmatisering og fordøming av HIV-positive. Deira pårørande har framleis sår etter dette.

– Lenge nekta kyrkja å gje forbøn for likekjønna par og å vie dei til ektefolk i kyrkja.

– Kyrkjas rom er enno ikkje trygge nok for transpersonar.

– Mange av dei som bryt med normene til kjønn og samliv vart heldt utanfor av kyrkjefellesskapen.

– I samtalar har representantar frå kyrkja redusert den skeive kjærleiken til å vere følelsar, som kunne skrus av som ein brytar med eit klikk.

Dette er nokre døme, og vi veit at det er fleire – diskriminering, forskjellsbehandling og trakassering.

Dette har ført til at skeive har kjent på skam, som resultat av ei rådande forteljing av kva kjærleik som er riktig eller feil, og press frå kyrkja til å skjule eller fornekte kven dei var.

Mange opplever at det er ikkje plass for dei. Nokon har sagt frå seg medlemskap i kyrkja, nokon fortel at dei mista trua. Det har vore ei stor påkjenning – for dei det gjeldt og deira familie og vener.

Gud skaper oss alle i sitt bilete, med det verd og den verdi det inneber. Bibelen fortel om menneske som fekk møte Jesus. Han reiste dei opp, og viser oss alle kva fellesskap er.

Det er også vårt oppdrag som kristne. Men, som vi har erkjent, har vi feila gang på gang: Ord, haldningar og handlingar har stått i vegen. Mange har sett kva som har skjedd, utan at endring har fått rom.

Gjennom fleire tiår har prestar og diakonar i sjelesorg og fortrulege samtalar teke i mot skeive sine livserfaringar. Om tap, om det såre, men også om trua, håpet og kjærleiken. For mange har dette vore gode samtalar, men kyrkja si stemme i det offentlege rommet har ofte sagt noko anna.

I 1954 kalla Bispemøtet skeive ei «samfunnsfare av verdensdimensjoner» og på 80–90-talet fekk fordøming av HIV-positive stå uimotsagt i kyrkja. Men noko har skjedd dei siste tiåra: I 2007 opna Kyrkjemøtet for at «homofile i partnarskap» kunne bli vigsla til stillingar i kyrkja. I 2016 vedtok Kyrkjemøtet at likekjønna par kunne gifte seg i kyrkja. Og godt er det!

Å seie unnskyld forpliktar. Det handlar om korleis vi no skal møte kvarandre.

Kvar gong skeive og kyrkje er eit tema i offentleg debatt, er det ei belastning for skeive generelt – og særleg for skeive tilsette.

I 2020 kom ein rapport om skeive tilsette i kyrkja med tittelen «Å være en sak». Den viste at det å vere skeiv tilsett i Den norske kyrkja har vore ei stor belastning for den einskilde. Det har skapt minoritetsstress og gjort det vanskeleg å gjere den jobben dei var tilsett for å gjere. Slik kan vi ikkje ha det, og dette har kyrkja som arbeidsgjevar ansvar for.

På måndag fekk vi presentert ein rapport om korleis transpersonar erfarer kyrkja som eit trygt eller utrygt rom. Her også har vi framleis mykje å lære, til dømes kor viktig regnbogeflagget kan vere for å skape tryggleik.

I dag ser vi at menneske med LHBT+-identitet mistar sine grunnleggjande rettar mange stader i verda. Dei vert utsett for vald og stigmatisering. Ikkje sjeldan skjer det med ei form for religiøs grunngjeving, også i kristentruas namn. Vi må alle ta ansvar for å motverke dette – ikkje minst kyrkja.

Trua på Gud kan gje oss mot til å vere den vi er. Mot til å stå opp for andre og for oss sjølve. Mange skeive har vore modige og gjort det. Takk og lov!

Dei har langsamt, steg for steg, gjort mykje for å gje ny innsikt og skape nye haldningar. Nokre har stått i kampar og stormar åleine, andre har stått saman og organisert seg i lag med støttespelarar. Det gjev håp om at endring alltid er mogeleg, og at vi ikkje må gje opp.

Endringane har teke tid. Det har vore krevjande for mange. Nokre heldt rett og slett ikkje ut. Nokon av dei som skulle høyrt vår unnskyldning, er ikkje lenger mellom oss.

Endringane har teke tid, og noko har faktisk endra seg. Eit samfunn der ein kan elske den ein vil, og vere den ein er, gjer Noreg og verda til ein betre stad.

Difor er det i dag også på sin plass å seie: Takk!

Takk til alle som har sett ord på sine erfaringar og opplevingar.

Takk til alle som har kjempa. For seg sjølv og for andre.

Takk til deg som tok kampen åleine, og til deg som organiserte deg.

Takk til deg som heiste flagget, i påvente av nye vedtak i kyrkja. Utan dykk hadde vi ikkje stått her i dag.

Takk for fellesskap på regnbogegudstenester.

Takk for at kyrkja får rom i Pride-paradar, skulder ved skulder. Takk for at vi kan gå vidare saman.

Takk til deg som sa frå kva du opplevde, sjølv om det var best for deg å halde avstand.

Takk til deg som trass i det som var undertrykkjande, ikkje gav opp trua og kyrkja.

Takk til alle som har gjort sitt for at folkekyrkja er på ein annan stad i dag, enn vi var før.

Den norske kyrkja har påført skeive skam, stor skade og smerte. Det skulle ikkje skjedd.

Difor seier eg i dag:

Unnskyld!

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"