Fordømmer Bondi Beach-terroren

Kyrkjeleiarar uttrykkjer sorg og fordømming etter den grufulle terroren mot jødar i Australia.

Publisert:

Biskop i Borg, Kari Alvsvåg, tente adventslys for alle som er råka av terroren i Sydney. (Illustrasjonsfoto: Den norske kyrkja)
Biskop i Borg, Kari Alvsvåg, tente adventslys for alle som er råka av terroren i Sydney. (Illustrasjonsfoto: Den norske kyrkja)

Den norske kyrkja fordømmer terroren, og ber for alle som er råka. 

– Jødar i Sydney er drept når dei feirar Hanukkah. Dette er grusom terror, midt i ei religiøs feiring. Det skaper angst og uro i heile det jødiske fellesskapet i verda.

Det skriv preses i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit på si facebookside, etter at minst 12 personar vart drepne etter eit målretta angrep på den jødiske befolkninga i Sydney, første dag av høgtida Hanukkah, sundag 14. desember. 

– Vi må fordømme det, og gode krefter må stå sammen i kampen mot antisemittisme og rasistisk ekstremisme. Vi ber for ofra og dei som kjenner at dei er ramma av dette, sier Fykse Tveit. 

Den norske kyrkja står saman med både Norges Kristne Råd og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL) om dette. 

– Hjartet gret for dei som er råka 

Leiar i Kyrkjerådet, Harald Hegstad, reagerer òg på drapa: 

– Tankane mine går til dei råka i Sydney og til våre jødiske medborgarar i Noreg som no kjenner på utryggleik. 

Biskopen i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen, delte sin reaksjon: 

– Hjartet mitt gret for dei som er råka av terroråtaket i Australia, og for alle jødiske systre og brør i Noreg og over heile verda som sørgjer og er redde. Midt i festen for lyset kom mørket med frykt og død. Vår oppgåve no er å stå opp mot all forfylging og hat. Mørket skal ikkje sigre over lyset! 

Tenner lys

Flerire biskopar og kyrkjeleiarar publiserte også sine reaksjoner på terroren. 

Biskopi Borg bispedøme, Kari Alvsvåg, som også er president i Det europeiske rådet for religiøse leiarar, nytta tredje søndag i advent til å tenne lys for alle dei som er ramma. 

– Må vold mot jødar ta slutt. Må alle menenske av god vilje finne saman for frihet og rett. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"