Fordømmer drapet på Charlie Kirk

Leiande biskop i Den norske kyrkja Olav Fykse Tveit og leiar i Kyrkjerådet Harald Hegstad fordømmer drapet på den amerikanske aktivisten.

Publisert:

Fordømmer drapet på Charlie Kirk

Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, og kyrkjerådsleiar Harald Hegstad reagerer sterkt på drapet av den amerikanske aktivisten Charlie Kirk.

– Drapet på Charlie Kirk må fordømdmast av alle. Det er alltid farleg når politiske motsetnader fører til vald. Diverre er det ikkje heilt ukjent i et amerikanske samfunnet, skriv Fykse Tveit på si Facebook-side.

Han peikar på at det sterkt polariserte amerikanske samfunnet står i fare for å hamne i ein valdsspiral, og viser til noverande president sin haldning til valdsbruk i Kongressen, og legg til: 

– Desto viktigare å fordømme all bruk av politisk motivert vald, og håpe at demokratiet i USA kan klare å stå saman mot valdsbruk.

Harald Hegstad, leiar i Kyrkjerådet, deler fordømminga.

– Det er all grunn til å ta avstand frå og fordømme drapet på den amerikanske aktivisten Charlie Kirk. I eit demokratisk samfunn skal ein trygt kunne hevde sine synspunkt utan å bli møtt med vald og drap, meiner Hegstad.

Han meiner det ikkje finst formildande omstende for ei slik handling.

– Her er det viktig å stå opp for ytringsfridomen, også ytringsfridomen til dei ein er sterkt usamd med. Det er ei utfordring til oss alle, på tvers av religiøse og politiske synspunkt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"