Gud skapar i ny truvedkjenning

I Kyrkjemøtet fekk den nynorske versjonen av den apostoliske truvedkjenninga ei lita, men symbolsk viktig endring. Der det tidlegare sto «Eg trur på Gud Fader, den allmektige, som skapte himmel og jord», seier vi no: «Eg trur på Gud Fader, den allmektige, skapar av himmel og jord».

"Eg trur på Gud Fader, den allmekitge skapar av himmel og jord". (Foto: Bo Mathisen)

Bokmålsforma av truvedkjenninga omtalar Gud som ein aktiv skapar (i substantiv-form; Jeg tror på Gud Fader, himmelens og jordens skaper). På bokmål er altså Gud ein som held fram med å skape.

Formuleringa «som skapte» i nynorskomsetjinga framhevar ikkje Gud som aktiv skapar på same måten. Enkelte opplever at den forma òg kan gje intrykk av at Gud har trekt seg attende etter at himmel og jord vart til.

Men dette er altså endra no, etter einstemmig vedtak i Kyrkjemøtet laurdag kveld

Gud har ikkje trekt seg attende

Jan Otto Myrseth, biskop i Tunsberg, er saksordførar i denne saka på årets Kyrkjemøte. Han har fortel kvifor det er naudsynt å endre truvedkjenninga på nynorsk:

– Formuleringa "som skapte himmel og jord" har bidratt til ei muleg misforståing av at skapinga er eit avslutta, fortidig verk, og at Gud så har trekt seg attende, i tråd med det dei såkalla deistane tenkjer. Den nye formuleringa "skapar av himmel og jord" samsvarar betre med bokmålsversjonen og likeså med originaltekstane på både latin og tysk. Denne substantiviske "tittel"-formuleringa rommar både den fortidige og den fortsatte, pågåande skapinga. 

I forslaget frå komiteen på Kyrkjemøtet, heiter det «Språkleg kan både forslaget til endring og den noverande nynorskomsetjinga av den latinske vedkjenningsteksten forsvarast. Men komitéen meiner at den nye omsetjinga betre tek vare på den teologiske meiningsfylden».

Endringar til ettertanke

Språkrådet sitt råd var å ikkje endre, mellom anna fordi den gamle versjonen var godt innarbeid. Er det no ei uro for at endringane skapar misnøye hos folk som må lære seg ny versjon, biskop Myrseth?

– Eg har forståing for at somme kan oppleve dette utfordrande, og ein skal ikkje vere for ivrig med å gjere endringar i slike tekstar. Men både komitéen og det samla kyrkjemøtet har valt å legge vekt på at denne endringa har ei god teologisk grunngjeving, og at fordelane veg tyngre enn ulempene ved denne justeringa. Kanskje kan endringa også skape nyttig ettertanke og fornya interesse for denne kjende teksten. 

Endringane får nokre praktiske konsekvensar.

– På sikt må sjølvsagt trykte bøker justerast, men endringa er ikkje større enn at ein utan store vanskar kan ta henne bruk i gudstenesteleg samanheng med det same, enten ein trykkjer teksten i eit gudstenesteprogram eller viser den på veggen. For dei som er vane med å synge Apostolicum, vil det også lett la seg gjere å tilpasse musikalsk, avsluttar Tunsberg-biskopen.

 

  • Den nye versjonen kan nyttast straks etter vedtak, og vil så snart som mogleg vere tilgjengelig i dei ulike liturgiressursane. No er den nye versjonen publisert her
  • Om du vil sjå diskusjonen rundt saka, kan du sjå han i opptak her 
  • Les vedtaket her

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"