Orgel-trøyst i sorg

Sorg og glede går hand i hand, og særs viktig er det med musikk når vi menneske skal ta eit endeleg farvel med kvarandre. I gravferda er kyrkjemusikaren ein eineståande ressurs som skapar stemning for takksemd, tårar og fellesskap i eit av livet sine unike augneblink.

Publisert:

Kantoren gjer liv til alle kyrkjelege seremonier gjennom musikken sin. (Foto: Kristoffer Hylland Skogheim)
Kantoren gjer liv til alle kyrkjelege seremonier gjennom musikken sin. (Foto: Kristoffer Hylland Skogheim)

Anders Vassli Brekke er kantor på fulltid i Sverresborg sokn i Trondheim. Han har jobba som kyrkjemusikar i fire og eit halvt år, og speler i gravferd fleire gonger i veka. Han opplever at musikken har ei spesiell meining i gravferd.

– Eg trur musikk både kan lindre sorg, men òg forsterke henne. Av og til er det godt at musikk  lindrar sorga, samstundes kan det at musikk forsterkar sorg være ein del av omarbeidinga av sorga. Så korleis musikken påverkar oss i ein sorgreaksjon kan nok variere mykje, men betydninga av musikk er ofte stor. Dette varierer veldig frå familie til familie. For nokre betyr musikken mykje fordi den kan ha hatt stor tyding for den avdøde.

Før ei gravferd plar kantoren, eller organisten, å spele meditasjonsmusikk medan folk kjem inn i kyrkja. Denne forma for diskret «taffelmusikk» kan råke ulikt.

– Ein opplever av og til at meditasjonsspelet før seremonien nokre gonger blir meir i bakgrunnen, medan folk snakkar med kvarandre og fokuserer på å møte andre pårørande. Andre gonger hender det at musikken får meir plass, og då sit folk gjerne i stille og lyttar. Som organist kan ein merke at enkelte musikkstykke påverkar pårørande meir enn andre – det høyrer ein om det blir meir snufsing i rommet.

Kjende songar får personleg preg

Anders fortel at mange har sterke meiningar om kva dei vil høyre i gravferder, men det varierer veldig.

– Som regel er det gravferdsbyrået som har dialogen med pårørande om musikken, og vi får ofte ei ferdig liste med dei songane som er ønskte og er nok ikkje så delaktige i denne delen. Til dømes er «Farfar i livet» ofte ønskjeleg, og då ønskjer ein av og til å bytte ut «farfar» med «morfar», «bæssfar» eller det som passar familien best. Elles kjem det gjerne ønske om ein bestemt song som har betydd mykje for avdøde eller familien. I Trondheim blir “Trondheimsnatt” av Åge Aleksandersen mykje brukt, og av og til songen som spelast av på Lerkendal før heimekampane til Rosenborg, “Et bilde tå'n Ivers”, om avdøde har vore stor Rosenborg-fan.

Somme tider er også ønska påverka av kva folk ser på tv eller høyrer på radio, eller kva for årstid det er.

– Andre ting som kan påverke er til dømes at dersom ein kjend song har vore med i «Hver gang vi møtes» og blitt løfta fram på nytt, kan denne bli vald oftare i etterkant. Eller som då «Så som i himmelen» vart sett opp i Trondheim, då vart «Gabriellas sång» meir etterspurt. Årstidene spelar òg inn – til jul er det fleire som ønskjer «O Helga Natt», og om våren er det gjerne vårsongar.

Her kan du høyre kantoren spele sin eigen komposisjon "Orgelvals". Saka held fram etter videoen.

Via folkehøgskole til orgelkrakken

Det var litt tilfeldig at Anders blei kyrkjemusikar. Etter vidaregåande valte han å ta eit år med musikk på Toneheim folkehøgskole før han skulle vidare på andre studium. Men så kom det eit interessant tilbod på folkehøgskolen.

– På det året fekk vi tilbod om orgelundervisning, og det syntest eg verka veldig spennande. For å ha eit mål med året anbefalte læraren min at eg prøvespelte i Trondheim. Eg kom inn på NTNU der, trivdes godt i byen, og etter kvart byrja eg å vikariere litt i kyrkjelyden der eg jobbar no. Eg trivdes veldig godt, og då det vart ei ledig stilling, søkte eg her og fekk jobben.

Ein kjend salme startar med orda «Sorgen og gleden de vandrer til hope, lykke og ulykke kommer på rad». Er det mest givande å spele til sorg og minnestund eller til glede og fest?

– Eg kan ikkje seie at eg føretrekk det eine framfor det andre. Det kjennest alltid meiningsfullt å bidra med musikk, anten det er i glede eller sorg. Men kanskje er det mest givande når ein ser at musikken verkeleg betyr noko for folk – at dei set pris på det og at musikken gjev dei noko, avsluttar kantoren i Sverresborg.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"