Ny sokneprest i Åsane og i Luster tilsett i bispedømerådet

I møte 30. april tilsette Bjørgvin bispedømeråd Lars Petter Eide som ny sokneprest i Åsane prosti med Åsane sokn som tenestestad. Bård Valle vart tilsett som sokneprest i Sogn prosti med sokna Hafslo, Solvorn og Fet & Joranger som tenestestad.

Åsane har fått ny sokneprest. Foto frå Åsane kirke:Kirkebyggdatabasen-Svein Ulvund

Orientering om prosess på kyrkjeleg organisering

Kyrkjerådet vil 1. juni sende ut høyringsdokument for kyrkjeleg organisering. Stiftsdirektøren har vore i møte med leiar i kyrkjeverjelaget, biskop og bispedømerådsleiar og ein er samde om å sende ut eit brev med oppmoding om å organisere lokale samlingar i prostia. Ein utfordrar prost og kyrkjeverje som er medlem i kyrkjeverjelaget til å organisere dette. Bispedømekontoret kan stille med kompetanse. Orienteringane skal vere lagt opp slik at ulike sider ved høyringsnotatet blir best mogleg opplyst.

Andre saker

Diakoniutvalet fekk oppnemd soknediakon i Sogndal, Gitte Therkelsen Torstad, som nytt medlem.

Ein ny rettleiarperm for arbeid med frivillige er under arbeid. Bispedømerådet fekk lesa dokumentet og kom med kommentarar.

Bjørgvin bispedømeråd vedtok høyringsvar på liturgiar og føresegner for tredagarshøgtida, skjærtorsdag, langfredag og påskenatt.

Bispedømerådet drøfta ulike sider ved utfordringar rundt rekruttering, med grunnlag i ein rapport frå konsulentfirmaet PWC.

Sakliste

30/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
31/21 Godkjenning av protokoll frå møtet 25. mars 2021
32/21 Bjørgvin diakoniutval 2020 - 24: oppnemning av nytt utvalsmedlem (suppleringsval)
33/21 Intern høyring på ny rettleiarperm for frivillige
34/21 Bjørgvin bispedømeråd - orientering om prosess på kyrkjeleg organisering
35/21 Høyring av liturgiar for påskas heilage tre dagar
36/21 Bjørgvin bispedømeråd - Drøfting av rekrutteringstiltak ut frå PWC-rapport
Tilsettingssaker
37/21 Tilsetting - Sokneprest i Åsane prosti med Åsane sokn som tenestestad
38/21 Tilsetting - Sokneprest i Sogn prosti med sokna Hafslo, Solvorn og Fet & Joranger som tenestestad

Lenke til protokollen nedst på sida

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"