Jul og advent i Bjørgvin

Mange stader i Bjørgvin vert det gjort ein stor innsats for å markere den kristne advent- og juletida. Her får du sjå eit lite utval.

Jul og advent i Bjørgvin

Eigen julekalender

I høve 100-årsjubileet i 2024, har Salhus kyrkje produsert eit eige julekalender-hefte i år. Mottoet for kalenderen er "Ta adventstiden tilbake!". 

Midtsidene er eit byggesett av Salhus kyrkje i papp, og baksida har luker med klistremerker til byggesettet. I kalenderlukene finn ein og QR-kodar. Ved å skanne desse kodane får ein sjå korte filmar kvar dag.

Leis meir om kalenderen og korleis du kan kjøpe den (200,-) ved å trykke her.

Julekalender på Facebook

I Sund sokn nyttar dei Facebook for å skape merksemd om kyrkja i adventstida. På sida deira vil det vere ein adventskonkurranse med nye spørsmål og bilete kvar dag. Dette vil ha julepreg eller lokalt tilsnitt. Etter nyttår vil dei trekke ein vinnar blant alle som har send inn riktige svar.

Her finn du Sund sokn si Facebook-side.

Utandørs julespel 

I Arna kyrkjelyd har dei i fleire år hatt eit julespel  i desember. Her kan du oppleve juleevangeliet i nærmiljøet; Josef og Maria, keisar Augustus, dei tre vise menn, profetar, små og store gjetarar, soldatar – og ikkje minst englekoret. Julespelet "Det hende i dei dagar" vert framsynt to gonger lørdag 9. desember; kl. 16.00 og 17.30.

Plakat for alle julearrangementa

Faksimile av plakat for jul i kyrkja i FørdeDet er ofte gode plassar på plakatstativa rundtom. I Førde har dei laga ein vakker plakat der dei har samle dei ulike arrangementa i jula og førjulstida. Plakaten vil mellom anna henge i nærleiken av plakatar for andre konsertar som kostar noko, og dermed fremje at kyrkja og har gratis alternativ.

Open julefeiring på julaftan

Både i Sogndal og i Førde opnar dei for feiring for alle på julaftan. Begge stader har diakonen vore sentral i arbeidet med dette. I Sogndal er diakon Gitte Therkelsen Torstad klar til å gi stafettpinnen vidare.

Diakonen i Sogndal på kontoret sitt med Sogndal i bakgrunnen Diakon i Sogndal, Gitte Therkelsen Torstad

– Vi vil ikkje sleppe heilt taket i dette, men vi er glade for at vi har nokon nye som vil arrangere dette i år. Dei skal få gjere det på sin måte, men dei vil jo ha med seg vidare det meste som har vore, seier ho.

Det er mange ulike som nyttar dette tilbodet, både menneske med utanlandsk bakgrun som treng engelsk oversetjing og einslege eldre som knapt forstår engelsk. Den opne julaftanfeiringa i Sogndal har tradisjonell norsk julemat, julesongar og juletregang og gåver til alle.

– Det skal vere likt slik ein har det heime. Det skal følast litt som heime, seier diakonen, som særleg set pris på augneblinken då deltakarane får opne gåvene sine. 

Tidlegare var dette gratisarrangementet etter gudstenestetid og utover til klokka ni på kvelden. Dei siste åra har ein heller starta klokka tre og avslutta klokka seks. Dermed har dei medverkande meir tid igjen på kvelden. Slik var det tenkt i år også. men i det siste har det dukka opp fleire frivillige, både til førebuingane i forkant og til julaftan, og det let seg gjera å ha arrangementet mellom kl. 16 og 19. 

Arrangementet i Sogndal er i samarbeid med Frivilligsentralen, med god støtte frå kommunen og andre aktørar. Julematen kjem ferdiglaga frå sjukeheimen, drosjenæringa sponsar skyss til og frå og lokale bedrifter gir gåver og rabattar. På førehand er det mange frivillige som er med på pynting og innpakking av gåver, men på sjølve kvelden har det vore vanskelegare å få med frivillige. Sett bort ifrå ein god hjelpar på kjøkenet og ein julenisse med ekte skjegg, vart Gitte ståande åleine som vertskap for dei 35 gjestane i 2022. Ho er glad for at to nye har meld seg i år, og tenkjer at fleire har høve til å bruke tida fram til klokka seks enn når ein brukte heile kvelden på dette.

I Førde skal dei ha open julaftanfeiring for 17. gong i år. Tilbodet er her og ope for alle, uavhengig av alder og etnisitet, og ifølgje diakon Anita Øvrehus Rusken kjem det menneske frå null til 100 på dette arrangementet.

Diakonen i Førde i eit kyrkjetunet med litt juledekorDiakon i Førde, Anita Øvreås Rusken

I 2022 var det ti frivillige som var saman med dei om lag 50 deltakarane på julekvelden. Frivilligsentralen skaffa nokre av desse, og kyrkjelyden gjekk breitt ut for å få medhjelparar.

– Kven er det som typisk melder seg som frivillig denne kvelden?
– Det er veldig variert, svarer Anita. – Nokre har tilknyting til frivilligsentralen, andre er aktive i kyrkjelyden. Vi har og med dei ein kan seie har ei meir perifer tilknyting til kyrkja, som ikkje er i «kjernetroppen». Fleire er frå den aldersgruppa som har vaksne born som ikkje feirar med dei i år. Nokre feirar annakvart år med born og borneborn, og er annakvart år med å arrangere her. Nokre einslege som ikkje har dei næraste i Førde, er og med som frivillige. Det er eit stort spekter i alder og bakgrunn. 

– Eg var spent på om nokon ville melde seg som frivillige. Det er ein kveld der mange har tradisjonar, men også i år ser det veldig lovande ut.

Som i Sogndal, er den opne julaftanfeiringa full av tradisjonell jul. Det er tradisjonell mat, julesongar, juletre, juleevangelie og julegåver til borna. Maten blir levert av den lokale kinarestauranten, som serverer tradisjonell julemat i desember. Ein barnehage i Førde leverer gjenbruksgåver, og åttandeklassingane på ein av ungdomsskulane baker julekaker som går til denne festen. Ein blomsterbutikk gir blomar til pyntinga og kommunen og sparebanken sponsar med midlar, slik at deltakarane berre treng å betale ein nærast symbolsk sum. Dei som ikkje kan betale, slepp det. Mange stader merkar ein at det er fleire som har lite å rutte med - og i Førde.

– Det er viktigare enn nokon gong at vi har feiring som ikkje kostar mykje, seier diakonen.
– Julaftan er ein sårbar kveld for dei som ikkje har så mange rundt seg. Det følast veldig meiningsfullt å vere med på dette, og det trur eg alle som er med tenkjer.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"