To bispedømerådsmøte på ein dag

Bispedømerådet i Bjørgvin for dei siste fire åra hadde sitt siste møte 3. januar med mellom anna to tilsetjingar. Det nye bispedømerådet møttest like etterpå til konstituering og møteplan.

Publisert:

Avtroppande bispedømerådsleiar Inger Helene Thingvold Nordeide (t.v.) og bispedømerådet som vart vald i 2015, møttest for siste gong og nytta blant anna høvet til å takka staben ved bispedømekontoret for godt samarbeid.
Avtroppande bispedømerådsleiar Inger Helene Thingvold Nordeide (t.v.) og bispedømerådet som vart vald i 2015, møttest for siste gong og nytta blant anna høvet til å takka staben ved bispedømekontoret for godt samarbeid.

Bispedømerådet 2016-2019 tilsette Hildegunn Katarina Isaksen som sokneprest i Bergensdalen prosti med Løvstakksiden sokn som tenestestad. Som kapellan i Åsane prosti med sokna Eidsvåg og Biskopshavn som tenestestad, tilsette rådet Martin Nørremark. 

Bispedømerådet deltok også i votering av ny preses (leiande biskop i Den norske kyrkja). Bjørgvin bispedømeråd røysta for Olav Fykse Tveit.

Det nye bispedømerådet som trer i funksjon frå 1. januar 2020, møttest til konstituering og møteplan. Vemund Atle Øiestad vart vald til ny leiar. Nestleiar vart Oddny Irene Miljeteig.

Bispedømerådet sin møteplan for 2020:

28.-29. januar (kurs), 18. februar, 24.mars, 13.mai, 3. juni, 16.september, 30. september, 13.november og 15. desember.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"