Informasjon om konfirmantåret 2026/27
Her finn du informasjon til konfirmantar og foreldre/føresette gjennom konfirmantåret. Kvar artikkel under handlar om dei ulike delane av konfirmantåret. Det kan kome endringar i løpet av konfirmantåret. Ta kontakt med oss om du lurer på noko. Påmeldinga til konfirmantåret 2026/27 er no open. Du finn lenke til påmeldingsskjema nedst på denne sida. Logg inn og fyll ut påmeldingsskjemaet. Dette må ein gjere saman med foreldre/føresette. Fristen for påmelding er fredag 19.juni!