Presentasjonsgudstenester for konfirmantane 2026/27

I august og september presenterer vi alle konfirmantane våre. Dette skjer i søndagsgudstenester i dei tre kyrkjene våre.

Det er konfirmasjon i kirken. En gutt som smiler  i konfirmantkappe.

Kvifor presentasjonsgudsteneste?

Vi ønskjer at konfirmantane våre skal få erfare at dei er ein viktig del av kyrkjelyden der dei bur: Dei er velkomne i kyrkja! Difor vil vi presentere dei for resten av kyrkjelyden. Dette er ofte eit fint høve til å invitere med familie og kanskje fadrar til kyrkja, for å sjå sin konfirmant bli presentert.

Presentasjonsgudstenester i Ørsta kyrkje

Søndag 30. august  kl. 11.00: Klassene 9A og 9B  blir presentert

Søndag 6. september kl. 11.00: Klassene 9C, 9D og 9E blir presentert

Presentasjonsgudstenester i Hjørundfjord kyrkje

Søndag 27.september kl 11.00: Konfirmantane i Hjørundfjord sokn blir presentert

Presentasjonsgudstenester i Vartdal kyrkje

Søndag 18.oktober kl 11.00 Konfirmantane i Vartdal sokn blir presentert. 

 

Konfirmantane møter opp til gudstenesta byrjar, og kan gjerne sitje saman med familie/føresette. Konfirmantane blir presentert klassevis: Vi les opp kvar konfirmant sitt namn, dei stiller seg opp i trappa og det blir tent eit lys for kvar konfirmant. 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"