Velkommen som konfirmant 2026/27

Velkommen til konfirmantåret 2026/27! Les meir om konfirmantopplegget vårt og meld deg på som konfirmant!

Det er konfirmasjon i kirken. Ei tankefull jente i konfirmantkappe.

Den andre veka i juni hadde vi til informasjonsmøter om konfirmantopplegget vårt i kyrkjene. Her fekk både neste års konfirmantar og føresette vite litt meir om det å vere konfirmant i kyrkjene i Ørsta. All informasjon om konfirmantåret ligg på desse sidene. Fekk du ikkje til å vere med på møtet? Les informasjonen vi har lagt ut her, og meld deg på!

Påmelding til konfirmantåret 2026/27

Påmeldinga til konfirmantåret 2026/27 er no open. Du finn du lenke til påmeldingsskjema her. Logg inn og fyll ut påmeldingsskjemaet. Dette må ein gjere saman med foreldre/føresette. Datoar for sjølve konfirmasjonen finn du i lenka nedst på  sida.

 

Korleis ser konfirmantopplegget vårt ut?

I konfirmasjonstida er du med på:
- Informasjonsmøte i juni
- Avspark
- Presentasjonsgudsteneste
- Undervisningssamlingar knytt til
ulike tema
- Leir på Sunnmøre folkehøgskule i
Ulsteinvik
- Fasteaksjon
- Deltaking i gudstenester
- Konfirmasjonsdagen

Alle kan bli konfirmant i kyrkja! Velkommen uansett om du trur, ikkje trur eller er litt usikker. Det einaste kravet er at du er døypt innan konfirmasjonsdagen. Om du ikkje er døypt frå før, er det ikkje noko problem. Mange blir døypt i løpet av tida som konfirmant.

Kyrkja er eit mangfaldig fellesskap, og vi ønskjer at alle skal få ei god konfirmasjonstid. Om det er behov for individuell tilrettelegging, er det berre å ta kontakt.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"