Velkommen som konfirmant i Kinn

Hovedbilde for tema

Konfirmasjon i kyrkja handlar om å utforske kristen tro og livets store spørsmål.

Du er velkommen til konfirmasjon i kirken uansett om du tror, tviler eller bare er nysgjerrig.

Påmelding til konfirmasjon i kyrkja finn du ved å klikke her.

I konfirmasjonstida...

får du sjansen til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre – uansett kva utgangspunkt du har.

Som konfirmant får du vere med på nattcup i Førde, konfirmantleir på Nesholmen, fasteaksjon (innsamlingsaksjon med Kirkens Nødhjelp.), strandryddeaksjon, gode og viktige samlingar der vi snakkar om dagsaktuelle tema, bli betre kjent med arbeidet i din lokale kyrkjelyd, og du får lære meir om Gud og deg sjølv.

10 Gode grunnar til konfirmasjon i kyrkja:

1. Du får oppleve kva kristen tru er. Kristendommen blir meir enn berre ein del av eit skulefag.

2. Konfirmasjonsdagen er berre din, og du har eIn dag der du blir bekrefta for den du er. Ein dag som ikkje er bursdag, men ein heilt spesiell dag der alt er for deg.

3. Du får oppleve ein ny fellesskap med andre på samlingar, leir eller helgeaktivitetar, og bli kjent med nye menneske, og kanskje får du ein ny ven?

4. Du får engasjere deg for andre menneske. Dette gjer du mellom anna ved å delta i Fasteaksjonen, der du får være med å samle inn pengar til reint vatn med Kirkens Nødhjelp. Du får og lære kva vi kan gjere for å ta vare på jorda og klimaet vårt.

 

 

5. Konfirmasjon er ein fin sjanse for dei som er glad i deg til å feire deg og det du betyr for dei.

6. Du får tid til å reflektere over store spørsmål, og bli kjent med kva du trur på – og kva verdiar som er viktige for deg.

7. I konfirmasjonstida snakkar vi om sorg og glede, om livets store og små spørsmål.

8. Veljar du kyrkjeleg konfirmasjon er det ein sjanse til å tenke sjølv. Du får tid til å reflektere, og tenke kritisk og sjølvstendig om kva tru og kristendom er.

9. Som ein konfirmant sa «Å konfirmere seg kristeleg gir liksom litt meir meining». Du blir del av et større fellesskap.

10. Du møter folk med forskjellige meiningar, med ulike bakgrunnar, og saman med dei lærer de noko felles.

Konfirmasjonstiden i kyrkja er ikkje berre for deg som trur.

Å vera konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstiden får du moglegheita til å utforska mange viktige spørsmål saman med andre.

Som konfirmant får du læra meir om Gud og deg sjølv.

Kontaktinformasjon for Kinn kyrkjelege fellesråd

Kontakt

Telefon:
481 00 481
E-post: kyrkja@kinn.kommune.no
Postboks 504, 6903  FLORØ
Organisasjonsnummer: 976 995 678

Opningstider for kontor og telefon

Måndag, tysdag, torsdag og fredag:
10.00 - 11.30 og 12.00 - 14.00
Onsdag og laurdag: stengt
Ope etter avtale.

 

Besøksadresse

Florø: Markegata 28, 6905 Florø
Måløy: Rådhuset, tredje høgd, Gate 1 nr. 120, 6700 Måløy

Kinn kyrkjelege fellesråd er lokal gravplasstyresmakt for Kinn kommune

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"