Velkommen til bryllaup
Påmelding
Alle som vil gifte seg kristeleg i Kinn kommune, må melde seg opp her:
For å auke sjansen for at de får ynskt kyrkje og tidspunkt, er det viktig at de melder dykk opp så fort som mogleg.
Grunnen er enkel: Kabalen må gå opp med omsyn til personell. Dette er spesielt ei utfordring i sumarmånadane juni, juli og august.
For bryllaup trengs; påmelding, attest fra skatteetaten, dato, stad og nokre få andre praktiske ting.
Klikk her for å melde dykk opp til vigsel
Kontakt oss om de lurer på noko.
Kostnadar
Gratis ved vigsel for medlemmer av Den norske kyrkja – når ein av brudefolka er folkeregistrert i kommunen.
Halvert kostnad ved vigsel for leigetakarar, som er folkeregistrert utanfor kommunen, når ein av brudefolka er medlem av Den norske kyrkja og har tilknyting gjennom eigen dåp eller konfirmasjon i kyrkja.
Full pris for leigetakarar som er folkeregistrert utanfor kommunen.
Velkomen til å feire kjærleiken i ei av kyrkjene våre
Ei vigsle er ei viktig hending, og uansett om det er eit spektakulært eller enkelt bryllaup, er det feiringa av kjærleiken som står i sentrum.
Stort eller lite, vekedag, laurdag eller etter gudstjeneste – vi gjer det vi kan for å kome fram til løysinga som er rett for dykk.