Solidaritet, nestekjærleik, engasjement og omsorg er viktige tema. Omsorg for andre, fredsarbeid og vern av klima og miljø er nokre av oppgåvene våre. Desse utfordringane treng engasjerte unge som kan jobba for å skapa ei meir rettferdig verd - lokalt og globalt. Du får bety noko for andre som konfirmant. Kirkens Nødhjelp er kyrkjelydane sin internasjonale hjelpeorganisasjon. Fasteaksjonen er ein stor dugnad før påske. Då går konfirmantane saman om å samla inn pengar til det arbeidde Kirkens Nødhjelp gjer over heile verda. Changemaker er ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp
I konfirmasjonstida snakkar vi om nestekjærleik og om nåde - slik Gud viser nåde mot oss, skal vi visa nåde mot kvarandre - vi er alle skapte i Gud bildet sitt.
Fattigdom er urettvis. Det er nok reint vatn og mat til alle, men spelereglane gjer dei rikaste rikare og dei fattigaste fattigare. Derfor er det veldig fint å kunne få gå frå hus til hus med bøsser og samle inn penger til dei som treng oss når det er fasteaksjon.