Dåp i Fusa

Når eit barn vert boren til dåp vert me minna om at ingen kan bera seg sjølv. Det er eit teikn på at Gud òg vil bera barnet, og på at kyrkjelyden tar imot barnet med opne armar.

I dåpen vert me ein del av kyrkja, ein fellesskap som strekk seg over heile verda - og gjennom alle tider. Me gjev ein lovnad til Gud om å læra barnet opp i den kristne trua, og til gjengjeld lovar Gud å halda si hand over den vesle, og verna barnet gjennom heile livet. Dåp i Fusa foregår under gudstenesta, og det er sett av fleire gudstenester kvar månad der det er rom for å døypa. Dersom du ynskjer å døypa barnet ditt hjå oss, kan du ta kontakt for å avtala tid og dato.

Du kan òg døypast inn om du er ungdom eller vaksen, for i Guds hus er det rom for alle! Alle born i Fusa som vert døypte i ei av kyrkjene våre, får ein dåpsperm og medfylgjande CD, som me har laga til for å brukast i dåpsopplæringa. Her er det forteljingar, songar, aktivitetar, og bilete frå heile Fusa. Du kan lesa meir om desse lenger nede på sida. Der kan du òg finna ei liste over gudstenester for dette halvåret, der gudstenestene som tillet dåp er merka av. Om du ynskjer å døypa nokon, eller sjølv bli døypt, hjå oss, ta kontakt på telefon/epost i det mørke feltet nedst på sida.

Sitat

Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor og gjer alle folkeslag til læresveinar: Døyp dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage ande og lær dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.

Evangeliet etter Matteus, kapittel 28, vers 18-20