Strandvik kyrkje

Sentralt plassert i Strandvikjo er Strandvik kyrkje eitt av dei tydelegaste innslaga i bygdebiletet.

Strandvik kyrkje

Kyrkja vart vigsla 15. november 1857 og erstatta då den førre kyrkja, etter at nye byggjelover stilte krav om storleiken på kyrkjene. Kyrkja me har no, er den største i heile Fusa sokn, med plass til rundt 460 personar alt i alt. Dei fyrste åra den stod, var den privat eigd, men frå 1. januar 1870 stod den under Strandvik soknestyre sitt eige. I dag plar kyrkja ha gudsteneste ein gong i månaden.

Altartavla er måla av C. Christiansen, og er ein kopi av eit Rubens-maleri. Ho viser Jesus i det han blir teken ned frå krossen, med sitat frå Johannes 1,29: "Se det Guds Lam, som bærer Verdens Synd". Rundt altaret har kyrkja òg glasmåleri med sitat frå likningane om såkornet (venstre side) og den gode hyrdingen (høgre side).

Rett utanfor kyrkja ligg Strandvik kyrkjegard, men gravplassen som er mest i bruk i Strandvik er Aakre gravplass, som ligg nærare barneskulen.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"