Trusopplæringsplanen for Fusa

Trusopplæringsplanen for Fusa

0 år: Utdeling av dåpsperm og CD

  • Desse vert utdelte under dåpssamtalen, til odel og eige. Bruk dei saman med bornet!

0-2 år: Babysong/Musikk fra livets begynnelse

  • Musikk, song, og dans for dei minste, og sosialt for foreldra. Seks samlingar over seks-sju veker, ein gong i semesteret.

1-2 år: Gåver i posten

  • Barnet får tilsendt ei laminert helsing når dei vert eitt år, og ei spisebrikke når dei vert to.

3 år: Utdeling av adventskalendrar

  • Me inviterer borna til gudstenesta fyrste sundagen i advent, der dei får ein fin kalendar med bibelsk innhald.

4 år: Fellessamling på gudsteneste

  • Her får dei utdelt ein barnebibel. Samlinga foregår ofte saman med den for dei som er fem år.

5 år: Hausttakkefest på gudsteneste

  • Femåringane får utdelt eit korssmykke. Samlinga foregår ofte saman med den for dei som er fire år.

6 år: Dåpsskule

  • To til tre samlingar med trusundervising, og utdeling av diplom på ei gudsteneste som avslutting.

7 år: Bok og bolle

  • Ei samling der borna får utdelt bollar, og det vert lest ei bibelforteljing for dei. Skjer på våren.

8 år: Tårnagenthelg

  • Borna får lov til å utforska ei kyrkje som tårnagentar ein haustlaurdag. Dagen etter er det gudsteneste.

9-10 år: Misjonstivoli

  • Skjer annankvart år, på rotasjon med MAF-dagen. Misjonstivoliet er fullt i aktivitetar, og inntektene går til misjon.

9-10 år: MAF (Mission Aviation Fellowship)-dag

  • Skjer annankvart år, på rotasjon med misjonstivoliet. MAF-dagen er ein dag der ungane får læra om MAF gjennom leik og tale.

11-12 år:Narnia-kveld

  • Skjer annankvart år, på rotasjon med Lys vaken. Ein aktivitetsdag bygd rundt filmuniverset Narnia, med utdeling av bibelbok på gudsteneste dagen etter.

11-12 år: Lys vaken

  • Skjer annankvart år, på rotasjon med Narnia-kvelden. Borna får overnatta i kyrkja, og etter at dei står opp hjelper dei til å laga gudsteneste.

13 år: Sumarfest og informasjon om konfirmantåret

  • Me informerer om påmelding til konfirmasjonstida, og ein entertainer kjem for å underhalda og fortelja om Gud. Skjer i juni.

14-15 år: Konfirmasjon

  • Eit opplegg som går gjennom nesten heile skuleåret, frå september til mai. Du kan lesa meir om konfirmasjonstida her.

 

I tillegg til desse aktivitetane, vert det av og til arrangert andre hendingar. Følg med på denne sida for å finna ut meir!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Fusa sokn

Vitjingsadresse: Andre høgda, Fjord'n senter

Kontoret er normalt ope vekedagar mellom 9 og 15.

Postadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen

Fakturaadresse: Postboks 73, 5649 Eikelandsosen eller epost post.fusa@kyrkja.no

Telefon: 56 58 01 81

post.fusa@kyrkja.no

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"