Konfirmasjon
KONFIRMASJON
Konfirmasjonstida er ei tid for refleksjon og oppleving. I løpet av konfirmasjonstida får ungdommane vite meir om seg sjølve, kristendommen og Gud, og om kva trua kan bety i kvardagen.
Konfirmasjonstida i kyrkja er ikkje berre for deg som trur. Å vere konfirmant i kyrkja er like mykje for deg som tviler eller berre er nysgjerrig. I konfirmasjonstida får du mulighet til å utforske mange viktige spørsmål saman med andre. Som konfirmant får du lære meir om Gud og deg sjølv.
KONFIRMASJONSTIDSPUNKT
Dette er likt kvart år;
Vigra har siste helga i april
Giske og Valderøy har første helga i mai (om 1. mai er søndag, er 30. april og 1. mai konfirmasjonshelga)
Godøy har andre helga i mai
UTLEIGE AV VALDERØY KYRKJEKJELLAR
Ønsker de å leige kyrkjekjellaren til konfirmasjonsselskap, må de sende inn søknad til kyrkjekontoret innan 15. juni året før konfirmasjonen. Etter dette blir det trekning mellom dei som har sendt inn ønsker, og de får beskjed om kven som får leige med ein gong dette er gjort .
Første samling for konfirmantane: (Konfirmantane møter på den øya dei bor!)
Giske kyrkje: torsdag 27. august 2026 kl. 18.00
Valderøy kyrkje: torsdag 3. september 2026 kl. 14.00
Vigra kyrkje: torsdag 3. september 2026 kl. 19.30
Godøy kapell: torsdag 10. september 2026 kl. 18.00
Presentasjonsgudstenester:
Giske kyrkje: søndag 30. august 2026 kl. 11.00
Vigra kyrkje: søndag 06. september 2026 kl. 11.00
Godøy kapell: søndag 06. september 2026 kl. 11.00
Valderøy kyrkje: søndag 13. september 2026 kl. 11.00
Det blir eit kort informasjonsmøte rett etter presentasjonsgudstenestene!
Vi tilbyr både ordinære og tilpassa konfirmantsamlingar.
Det blir meir informasjon om samlingane på møtet.
Ta eventuelt kontakt for ein samtale om spørsmål kring tilrettelegging.
Spesielle behov kan ein legge inn under «Merknad» i påmeldingsskjemaet.
Konfirmasjon 2027:
Vigra kyrkje: laurdag 24. april / søndag 25. april 2027
Giske kyrkje: laurdag 1. mai / søndag 2. mai 2027
Valderøy kyrkje: laurdag 1. mai kl. 10.30 / 12.30 og søndag 2. mai 2027
Godøy kapell: laurdag 8. mai / søndag 9. mai 2027
Påmelding til konfirmasjon
Påmelding skjer digitalt frå 09. juni 2026
Trykk på lenka "Påmelding 2027", så kjem du til Mi kyrkjeside - der kan du logge deg inn og melde på konfirmanten.
Vi håper dei som vil konfirmere seg, er raske med å melde seg på. Etter påmelding vil det meste av informasjon kome gjennom Spond.
Leir
Det blir «Bu-Heime-Leir» dette konfirmasjonsåret.
Konfirmasjonsavgift
På informasjonsmøtet vil det bli gitt opplysning om kva fakturaen vil lyde på.
Med håp om ei fin konfirmasjonstid!
Venleg helsing
Gunnhild, Hallvard og Ingjerd.
Prest: Gunnhild Roaldsnes Bremer tlf: 46 32 03 24,
e-post: gunnhild.anita.bremer@kyrkja.giske.no
Prest: Hallvard Nordstrand tlf: 91 39 18 05
e-post: hallvard.roald.nordstrand@kyrkja.giske.no
Diakonimedarbeider: Ingjerd Lande Dybvik tlf: 90 67 31 57
e-post: ingjerd_lande@hotmail.com
Sekretær: Inger Magelssen Godø tlf. 90 59 70 55
e-post: inger.magelssen.godo@kyrkja.giske.no

