Sidan du er 4 år i år og bur på Giske, Godøya, Vigra eller Valderøya
er du suuupervelkomen til:
Utdeling av 4-års bok
i Valderøy kyrkje
onsdag 1. oktober klokka 17:30 – 18:30
Kle deg gjerne ut om du vil. I kyrkja er rom for deg som du er,
også om du er sjørøvar, prinsesse eller superhelt.
Vi skal gjere mykje moro saman og det blir fortelling frå Bibelen, musikk og vi reiser på skattejakt. Du får di heilt eiga 4-årsbok og vi sluker litt bollar og saft.
Informasjon til foreldre
- Barna må ha med ein vaksen (tips: gjerne fadder eller besteforelder)
- Alle 4-åringar er velkomne – døypt eller ikkje
- Vi tilrettelegg gjerne: gi beskjed ved allergiar eller andre behov
Vi vil ha nok mat og utstyr, påmelding i Spond er viktig.
Frist fredag 26. september ved å bruke spondkode: BHZOM
Meld inn barnet ditt i spondgruppa «Aktivitetstilbod i kyrkja for barn 0-15 år».
Ta gjerne kontakt med Gunnhild.anita.bremer@kyrkja.giske.no ved behov.
Spente og glade helsingar frå
Prestane;
Gunnhild Roaldsnes Bremer
Hallvard Roald Nordstrand
Valderøy Sokneråd
Giske Sokneråd
Vigra Sokneråd