Orgeljubileum i Vigra kyrkje

Torsdag kveld vart Paul Ott-orgelet i Vigra kyrkje feira med ein flott konsert!

Publisert:

Orgeljubileum i Vigra kyrkje

Ein godt besøkt konsert fekk oppleve ein variert og flott konsert i kyrkja torsdags kveld. Kantor Margaret Haugland leia oss gjennom kvelden med både solospel og akkompagnement av nydeleg allsang, eit strålande Giske Mannskor, dyktige Olav Sindre Roald på euphonium og fantastiske Siri Godø Wiik på saksofoner. Vår andre emininte kyrkjemusiker Dag-Filip Roaldsnes, gav oss nokre blå toner undervegs mens han leika seg med orgelet sine moglegheiter. 

Galleriet var for anledninga rigga med lys og kamera, slik at folk kunne sjå på skjerm nede i kyrkja kva som faktisk går føre seg når ein spelar orgel.

Ståande applaus og mange gode ord etter konserten vart det, så dette vil vi ha meir av!

Soknerådet stilte med kaffi med noget attåt etter konsert. 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"