Treng de tips og råd rundt musikken, er vi gjerne konsulentar.
Vi håper å få vite musikkønska dykkar så tidleg som mogleg, derfor vil vi gjerne at de sender inn musikkskjemaet før 10. mai. De velger då eit stykke frå repertoarlista og eit anna valfritt til inngang og utgang. Det er greit å vere ute i god tid, slik vi kan ha god dialog om musikken.
Har de ein solist som treng akkompagnement, er det fint om vi kjem i kontakt med vedkomande, slik vi kan avtale øving direkte. Husk og skrive inn kontaktinformasjon til solisten i skjemaet. Det er ofte nok med eitt soloinnslag i løpet av vigsla. I tillegg treng de to salmer.
Vi er profesjonelle musikere med god erfaring i kva som fungerer i kyrkjerommet og vi kan få til mykje ulik musikk har vi tid nok. Avspeling av musikk over anlegg blir erfaringsmessig ikkje slik ein har tenkt på førehand og er dermed ikkje tilrådeleg. Live-musikk gjev alltid best resultat.
Repertoarliste:
Brudemarsj frå Øre
Brudemarsj – Jan Magne Førde
Brudemarsj fra Lødingen
Bryllupsmarsj fra En midtsommernatts drøm – Felix Mendelssohn
Brudemarsj fra Lohengrin – Richard Wagner
Canon i D – Johann Pachelbel
Preludium i C-dur fra Åtte små – Johann Sebastian Bach
Purpose – Rikard Nordraak
Innsendingsskjemaet finn de på linken Musikk i vigsel.