-For meg har det viktigaste i arbeidet som kyrkjeverje vore å få vere med og byggje kyrkje i lokalsamfunnet på Hareid - og knyte eit god samarbeid med kommunen, seier Bente. -Det har vore eit givande arbeid og ansvar, fått samarbeidd med mykje flotte folk. Ho takkar for godt samarbeid med både tilsette i staben, fellesrådet/soknerådet og andre samfunnsaktørar.
-Eit nytt og ope kapittel ligg framføre meg når eg 28. april begynner i eit spennande engasjement hos Andøya Space, i stilling som driftsleiar for eigedom & infrastruktur, seier Andreassen Pilskog. -Eg gleder meg til å bidra i eit internasjonalt og spennande konsern på Andøya i Vesterålen, og flyttar/pendlar dit for ein periode i høve dette engasjementet. Eg finn motivasjon i nye utfordringar og har valt å gripe denne sjansen for å utvide horisonten. Det er heller ingen ulempe å få jobbe i heim-regionen min for ein periode, for eg er ein ekte nord-Noreg patriot.
Andøya Space er verdas nordlegaste permanente base for oppskyting av forskningsrakettar og framtidige satellittar. Per dags dato tilbyr dei tenestar innan atmosfæreforskning ved hjelp av rakettar, ballongar og bakkeinstrument. Andøya Space blei etablert i 1962 og er i dag ei bedrift som også har utvida sitt produkt- og tenestespekter som eigar av dotterselskap Andøya Space Defence, Andøya Space Education og Andøya Spaceport. Andøya Space er eit aksjeselskap der 10 % av aksjane blir eigd av Kongsberg Defence & Aerospace, og 90 % eigast av Nærings- og handelsdepartementet, som igjen forvaltes av Norsk romsenter.