Les meir her om NMS i Thailand
Misjon er ein del av kyrkjelyden sin identitet og eit uttrykk for at Gud har gjort oss til sine sendebod, ref. visjonsdokument.
Hareid kyrkjelyd har avtale med NMS om misjonsprosjekt i Thailand. Misjonsutvalet i Hareid sokn jobber med å gje informasjon til kyrkjelyden om misjon generelt og om misjonsprosjektet spesielt. Dette også ved å samle inn pengar til misjonsprosjektet. For tida er det avtalte beløpet kr 40.000 pr/år. Ofte blir det totale beløpet pr/år både kr 50.000 og kr 60.000, då vi har mange i kyrkjelyden som ønskjer å støtte prosjektet.
Midlane blir innsamla gjennom ulike arrangement, misjonsgudstenester, middag og misjon, trusopplæringa for born og unge bidreg på ulikt vis til inntekt for misjonsprosjektet.
DETTE BIDREG VI TIL GJENNOM MISJONSPROSJEKTET VÅRT:
Misjonsavtalen Hareid sokn Soknet samarbeidar med NMS der kyrkjelyden bidrar med å samle inn pengar og støtte prosjektet "Barn og utdanning" i Thailand. Vi har forplikta oss til å støtte dette arbeidet med minimum kr. 40.000,- kvar år. Bli med å dele og å gi!
Ønskjer du å motta NMS sitt gratis blad om kyrkje og misjon, klikk her!
Er det noko du lurar på i dette høve, ta kontakt med oss på kyrkjekontoret så hjelper vi deg.
Telefon: 700 95 130.
Epost: kyrkjekontoret@hareid.kommune.no.