Folk i Hareid kommune er glad i kyrkja si, og den er mykje i bruk gjennom heile året. Men vi har også ein kyrkjegard som blir mykje besøkt og som vi ønskjer skal sjå fin og velstelt ut. Difor inviterer vi bygdefolket til å ta del på vår-dugnad på kyrkjegarden, laurdag 26. april kl 10-14.30.
Det er alltid ein del å gjere i ein hage etter vinteren, og slik er det også på kyrkjegarden. Vi ynskjer at der skal vere velstelt og ryddig, slik at det er godt å kome dit. Når det nærmar seg konfirmasjon andre helga i mai og 17. mai, er det ekstra kjekt at kvistar og gammalt lauv er fjerna, og kyrkjegarden er gjort klar for sommaren.