For mange, også i Oslo bispedømme, er denne målforma hjartespråket. Det tel mykje å få syngja, be og høyra tekstar på nynorsk.
Velkomen til høgmessa på nynorsk i Oslo domkyrkje sundag 16.november kl.11.00.
Anne anita Lillebø, leiande studentprest i Oslo, holder preiken. Domkyrkjeprest Valborg Orset Stene er liturg.
Geir Rebbestad, dagleg leiar i Oslo domkyrkja, er tekstlesar. Songarar frå Oslo Domkor syng, dirigert av Oddgeir Kjetilstad. Leiande domkantor Marcus André Berg spelar orgel.
711 salmar på nynorsk
Fram til 1900-talet var det danske salmebøker som vart nytta her i landet, men fleire arbeidde for at fleire av salmane skulle vere på nynorsk. Frå rundt 1900 vart det skrive mange salmar på landsmål/nynorsk.
Den fremste pioneren for salmedikting på nynorsk var Elias Blix.
I 1925 vart nynorsk salmeboka teke i bruk, ho hadde 711 salmar på nynorsk og 200 på bokmål. I redaksjonen sat Anders Hovden, biskop Bernt Støylen og Peter Hognsestad, som også omsette og skrev mange av salmane.
