TRU OG TRUSPRAKSIS PÅ FOSSE-DAGANE.
28.-30. mai vert dei årlege Fosse-dagane skipa til i Fosse-huset i Strandebarm. I det mangfaldige programmet finn me også i år ei tilskiping der Kyrkja i Kvam er med. Fredag 30. mai kl 18 vil vikarprest Roar Strømme halde eit foredrag om «Det lysande mørkret - Tru og truspraksis i Septologien». Septologien er Fosse sitt hovudverk, og er blitt kalla «ein løynd sjølvbiografi». Heile det store verket er tydeleg prega av kristen tru i katolsk form. Ikkje alt av dette er like lett tilgjengeleg. Intensjonen med Strømme sitt føredrag er såleis å gje noko lesehjelp i dette stykket, i von om at det vil gje ei rikare leseoppleving og eit opnare trusunivers. Det vert også allsong. Sjå elles www.fossedagane.com.