Gravferd

Gravferdspraksis i kyrkja i Kvam

Mange tankar og kjensler melder seg når me har mist ein av våre kjære. Gravferda er både dei næraste sin avskil med den døde og ei offentleg handling, som femner fellesskapet.

Når me vel kyrkjeleg gravferd får me samlast i kyrkja, takka for livet, leggja den døde i Guds hender og søkja håp og trøyst for oss som lever att. Gravferda er ei sterk og viktig hending, og det er viktig at både form og innhald vert rett.

Me i kyrkja vil gjera vårt beste, slik at dagen vert så god som råd er for deg som pårørande, og dei som deltek i gravferda. Me legg vekt på å imøtekoma familien sine ynskje for gravferdsdagen, samstundes har me kyrkjelege retningsliner som me skal fylgja. Desse retningslinene er ikkje like godt kjende for alle, men er nyttig å kjenna til, når ein har mista ein av sine kjære. Under lenkjene fylgjer ein del informasjon som me håpar kan letta litt på mange spørsmål som naturleg melder seg i dette høvet.