Informasjon om vigsel

Bryllaup i kyrkja

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elska og æra kvarandre, og å halda saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje aleine. Løfta blir gitt med vitne til stades og framfor Gud.

Dersom du ynskjer å gifta deg i ei av kyrkjene våre, kan du kontakta kyrkjekontoret på e-post: it645@kyrkja.no 

Sjå elles kontaktar under. 

Datoar for vigsel laurdagar i sommarmånadane 2023:
3. juni, 17. juni og 24. juni
8. juli og 22. juli
12. august, 19. august og 26. august

De må gjerne velja andre vekedagar!
De kan då ta kontakt med ein av prestane våre for å avtala tid og stad.

Kontakt