Salmekveld i Øystese kyrkje -tysdag 4. november kl. 19.00

Me feirar at "Nynorsk salmebok" fyller 100 år og ynskjer difor velkomen til salmekveld!

Salmekveld i Øystese kyrkje -tysdag 4. november kl. 19.00

I 2025 er det 100 år sidan sokneprest Anders Hovden og biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad fullførte arbeidet som vart «Nynorsk salmebok». I høve jubileet ynskjer Øystese sokneråd og Kvam mållag å invitere til allsongkveld i Øystese kyrkja fyrste tysdagskvelden i november der me saman syng salmar frå den nynorske salmeskatten. I tillegg skal me få høyre meir om historia rundt prosessen fram til det som vart «Nynorsk salmebok» og me skal også få bli kjent med fleire av salmeforfattarane og historia bak enkeltsalmar.

Den som skal binde det heile saman for oss er tidlegare sokneprest og vikarprest i Kvam, Roar Strømme. Han har både stor interesse og mykje kunnskap som han denne kvelden vil dele med alle frammøtte. I tillegg til allsong vert det også solistinnslag. Samlinga vert avslutta med kaffi og vaflar. Hjarteleg velkommen til salmekveld i Øystese kyrkje kl. 19.00 tysdag 04.11.!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"