Tårnagent

Bli med på skattejakt i kyrkja!

Tårnagent
Tårnagent vinter 2026:
 
Øystese: For 3. klassingar.
Torsdag 08. januar kl. 16.30. Juletrefest kl. 18.00, tårnagentane deltek.  
 
Påmeldingsfrist er 6. januar
 
 
 
Ålvik: For 3., 4. og 5. klassingar. 
Søndag 11. januar kl. 15.30.  Juletrefest kl. 17.00, der tårnagentane deltek. 
 
Påmeldingsfrist er 8. januar.
 
 
 
Program: 
Dette er ein unik sjanse til å utforske kyrkja di! Me trur at nokon har gøymt kyrkjeskattane våre, og no treng me hjelp til å finna dei att… Me skal ha skattejakt, leik, bibelforteljing, tur opp i kyrkjetårnet mm. Til slutt har med juletrefest med song og gang rundt juletreet.
 
Me sender invitasjon i posten til alle som er medlem i Den Norske Kyrkja, men alle i rett alder er hjarteleg velkomne! Det går an å byte kyrkje dersom tidspunktet i kyrkja du høyrer til ikkje passar. 
 
Me ønskjer ikkje at borna skal ha med seg mobiltelefon. Dei kan låne telefon i kyrkja dersom dei treng å ringje heim. Me har liste med telefonnr. til heimane.
 
Om de ikkje har meldt dykk på innan fristen; kontakt Julie på mobil 98 08 55 87, før de evt. melder dykk på. Me kan ikkje garantera tilrettelegging for særskilde ynskje/behov ved påmelding etter fristen.

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"