KYRKJELEG FELLESRÅD I KVAM
Kvam herad ligg i Vestland fylke, ca 1 times køyring frå Bergen. Kommunen ligg på nordsida av Hardangerfjorden, og strekk seg frå Mundheim i vest til Ålvik i aust. Folketalet er om lag 8.600
Kvam har eit rikt kulturliv, og naturen byd på gode vilkår for friluftsliv både sommar og vinter.
TRUSOPPLÆRAR
Det er ledig 60 % vikariat som trusopplærar i Kvam frå 01.08.25 – 31.12.25.
Den norske kyrkja i Kvam består av 4 sokn med 5 kyrkjer, og er ein del av Hardanger og Voss prosti. Kvam herad har ca 8.600 innbyggjarar. Kvam har 2 prestestillingar. Administrasjonsmålet er nynorsk. I Kvam kyrkjelege fellesråd er det tilsett kyrkjeverje, kateket, 2 kantorar, sakshandsamar og kyrkjegardsarbeidar, med ansvar for alle sokna. Det er og tilsett 3 kyrkjetenarar, som til saman har ansvar for dei 5 kyrkjene. Utanom dei tilsette er det mange frivillige medarbeidarar som gjer ein stor innsats i kyrkjelydane.
Stillinga er eit vikariat i 60%, med oppstart 1.august 2025. Arbeidsområde er trusopplæring etter den lokale trusopplæringsplanen og gudstenestearbeid knytt til trusopplæringstiltak. Kateketen er leiar for trusopplæringa. Det må påreknast noko arbeidstid på ettermiddag, kveld og helg. Arbeidsoppgåver og arbeidstid avtalast med kateket og kyrkjeverje.
Du som søkjer: -har utdanning innanfor kristendom og pedagogikk, helst ein bachelor innan trusopplæring, eller utdanning med pedagogikk og kristendom innanfor fagkrinsen.
-har erfaring med arbeid med barn eller ungdom.
-har godt humør og gode samarbeidsevner, og kan samstundes arbeide sjølvstendig og målretta.
-disponera/har eige bil.
-er medlem i Den norske kyrkja.
-Om du ikkje har utdanning, er du kanskje student eller har anna relevant erfaring.
I stillinga får du: -løn etter gjeldande tariffavtale.
-køyregodtgjersle etter gjeldande takster.
-kontorfellesskap med resten av dei tilsette og prestane, i Norheimsund kyrkje.
-ein kvardag der du vil samarbeida med kateketen og dei andre tilsette i fellesrådet, prestane, frivillige og sokneråda.
Løn, arbeids- og tilsetjingsforhold vert i samsvar med lover, føreskrifter og tariffavtaler som gjeld i kyrkja. Fellesrådet har pensjonsordning gjennom KLP.
Spørsmål omkring stillinga kan rettast til
Kateket: Mampion Andriamandimby epost: ma382@kyrkja.no /
Kyrkjeverje: Olav Skeie Lid epost: OL485@kyrkjano / tlf. 41400035
Søknad med CV og aktuelle vedlegg sendast til OL485@kyrkja.no
eller Kvam kyrkjelege fellesråd, Postboks 39, 5601 Norheimsund
Søknadsfrist: 1. juli 2025