Kviteseid sokn inviterer alle som vart konfirmert i Brunkeberg, Fjågesund, Kilen, Kviteseid og Vrådal i 1974 og 1975 til gullkonfirmantfest i Kviteseid kyrkje sundag 19.oktober.
Det vert gudstjeneste i Kviteseid kyrkje kl.11.00, før det blir fest på Misjonshuset med mat og kaffi.
Gullkonfirmantar er velkomne til å ta med seg fylgje denne dagen. Det oppfordrast til å ta med bileter eller andre minner frå konfirmanttida.
For å kunne berekne mat, ber vi alle som kjem om å melde seg på til kyrkjekontoret ved å sende ein melding til 40891423. Gje då beskjed derosm du har nokre allergiar.