Det er med stor glede vi igjen kan invitere til dagstur for alle som tidvis har vore med på Koinonia og/eller eldretreff i Kløvertun og i Nore Neset kyrkje .
Og er du mellom dei som berre har tenkt du skulle gå på desse arrangementa, er du og velkommen til å vere med på denne turen.
Avreise tysdag 4. juni kl 09:00 frå Os bussterminal.
Målet med turen er Lyngheisenteret på Lygra i Alver kommune.
På vegen tar vi og eit stopp ved Hillesvåg ullvarefabrikk ved Hjelmås. Strikkeglade kan der gjere gode kjøp på garn. Vi tar her og ein kopp kaffi og litt å bite i.
På Lyngheisenteret får vi god orientering om Lyngheia og samanheng mellom natur og klima.
Vi får servert lunsj med dessert og kaffi.
Retur til Os ca. kl. 17:00
Påmelding er bindande.
Her er lenke til påmelding. Du kan óg ringe eller koma innom Tunet i opningstida.
Påmeldingsfrist 10. mai.
Pris per person kr 650,-
Du får tilsendt faktura nokre dagar før turen. Har du utfordring med å betale avgifta, ta kontakt med oss så finn vi ei løysing.