Som tidlegare år samarbeider Os kyrkjelyd med gode frivillige krefter i Os kulturutvikling og Galleri Solbakkestova om SOLIDARITETSKONSERT I OS KYRKJE TORSDAG 17. DESEMBER KL 19:30.
Bak denne konsertproduksjonen står eldsjelar og dugnadshender, artistar som stiller gratis opp, og kyrkjelyden som stiller med personell og lokalar til å huse konserten. Konserten set fokus på solidaritet, og er ein "dugnad" mellom publikum, arrangørar og musikarar. No manglar berre DEG i publikum!
Gratis inngang - her er du velkomen inn dørane, uansett kven du er. Gåver som vert samla inn, går uavkorta til Flyktninghjelpen (NRC) som driv humanitært arbeid blant internt fordrivne og flyktningar frå kriger som pågår i desse dagar rundt om i verda.
Solidaritet og nestekjærleik står sentralt i kyrkja og det kristne menneskesynet. Inn mot jul minnast vi kanskje særleg dette oppdraget om å ta vare på menneska i kring oss. Engasjement og innsats for andre kan ikkje verdsettast i kroner.
Me ser fram til ein kveld med fin musikk og masse hjartevarme. Vel møtt!
Du kan ALLEREIE NO støtte tiltaket og Flyktningehjelpen ved å bruke VIPPS-nummer #778490!
