Søndag 14.juni kl 11:00 blir det nok ein gong folketone-messe i Os kyrkje!
Dette verket er skrive av Norvald Kobbeltvedt, som var ein musikalsk bauta i Os og i kyrkjelyden. Norvald gjekk bort i 2021.
Vil du vere med å lyfte musikken til nye høgder? Bli med i prosjektkoret! Øvingar blir i Tunet/Os kyrkje frå kl 18:00-20:00 tysdagane 19. mai, 26. mai, 2. juni og 9. juni. Laurdag 13.juni kl. 14:00-17:00 blir det generalprøve med kor og musikarar.
Vi treng di stemme!
Framføringa kan opplevast på gudsteneste i Os kyrkje søndag 14.juni kl 11:00. Denne gudstenesta tek vi òg avskjed med vår kjære prostiprest Svante Havåg, som no går over i pensjonistenes rekker. Minst to ekstra gode grunner til å kome til kyrkja denne søndagen, altså! Marius Romslo er leiar for koret, og Irina Tarasova leiar musikarane. Kom og ta del!
