Vi treng alltid fleire frivillige i kyrkja!

Bli med på laget du også!

Frivillig med ungdom

Ynskjer du å jobbe frivillig med ungdom?

Ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd er eit stort og vaksande arbeid, vi treng alltid fleire frivillige som kan være med på våre ulike aktivitetar.

 

JoinUs:

JoinUs er eit lågterskeltilbod til ungdom (13+) i kommunen. Her kan ungdomen velje mellom å delta på: kor, dans, teknikk, mat og hobby. Vi har samlingar onsdagar kl. 18.30-21.00 i Tunet.

Vi treng trygge vaksne som kan være til stades, om det er 1 gong i månaden, annakvar veke, eller kvar veke? Det bestemme ein sjølv.

 

Happening (Open møteplass):

Annakvar fredag har vi open møteplass for ungdom i Tunet kl. 20-23. Her ser vi etter trygge vaksene som kan være til stades for ungdommen. 

 

Ungdomsarbeidet har ein eige nettside: www.ungdomstunet.no der ein kan lese meir om arbeidet.

Ta gjerne kontakt direkte med kontaktperson om du ynskjer meir info.

 

Kontaktperson: Martin Bakke Slåttsveen, tlf: 97 66 64 56

Frivillig under gudsteneste og kyrkjekaffi

Frivillig under gudstenesta: 

Kvar søndag er det gudsteneste i kyrkja. Di første man møter i kyrkja er kyrkjevertane. Som kyrkjevert er den viktigaste oppgåva å ynskje folk velkommen på ein varm og vennleg måte. Kyrkjevertane deler også ut salmebøker, samlar inn offer og gjer presten ei hjelpande hand ved dåp.

Under gudstenesta liker vi å ha med ein tekstlesar. Dette er oppgåva for den som liker å lese høgt. Om du ikkje har erfaring med høgtlesning, men synest det høyrast kjekt ut, er det sjølvsagt mulig å prøve seg.

 

Frivillig under kyrkjekaffi:

Etter gudstenesta er det hyggelig å samlast til kyrkjekaffi. Å lage til kyrkjekaffi er oppgåva for deg som liker å stelle i stand, då oppgåvene går ut på å dekke opp, ordne kaffi og ynskje folk velkommen. Kanskje liker du å bake og ynskjer å ta med kake eller bakst? Dette er sjølvsagt valgfritt.

 

Høyrest dette interessant ut? Eller har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Frivilligkoordinator:

Ine Sofie Moen

Tlf: 98 40 61 11

E-post: im763@kyrkja.no

Kontakt