Julemesse i Tunet

Laurdag 21. november er det igjen tid for julemesse i Os kyrkjelyd. Ta med deg familie og vener på ein triveleg førjulslaurdag i Tunet!

Juletre - foto Bo Mathisen
Juletre - foto Bo Mathisen
Årets julemesse  har alle dei viktige ingrediensane - musikk og program frå scena, åresal med store og små gevinstar i fleire trekningar gjennom dagen, kaffi og kaffimat på borda, salsmesse i Eldstova og hovudtrekning med flotte premiar. Dessutan blir det aktivitetar rundt i Tunet, eit godt måltid julegraut og tid til å finne den gode stemninga i lag på terskelen til adventstida.
 
All inntekt frå julemessa går til barne- og ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd. 
 
I forkant av messa foregår eit stort arbeid med å samle inn gevinstar, bake og strikke, og ikkje minst selje lodd til hovudlotteriet. Loddbøkene er delt ut til mange av gruppene som er tilknytt kyrkjelyden. Dersom du ynskjer å kjøpe lodd, kan du òg ta kontakt med oss på e-post. Lodd kjøpast på Vipps. Blant dei flotte gevinstane i årets lotteri er: 
 
MOMAS el-sykkel til vaksen
Philips Airfryer
Grytesett (gåve frå Jernia Sælen)
Alpinski (gåve frå REMA 1000 Kuven)
Philips Senseo kaffemaskin (gåve frå REMA 1000 Moberg)
2 billettar til BFO sine torsdagskonserter i Grieghallen
2 billettar til "Svanesjøen" i Oseana
Handbrodert juleduk
Handlaga dåpslue
Bluetooth-høgtalar
LEGO-sett
Stanley termos
Magnetic Tiles magnetleiker
Dokke med heimestrikka klede
Gåvekort på Venezia Os, Pizzabakeren, Café Glede, Lucky Bowl og fleire
 
Dørane opnar klokka 10.00, og programmet avsluttar med trekning i hovudlotteriet om lag kl. 14.30. 
 
 
Velkommen til julemesse i Tunet!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"