Fleire kyrkjelyder i kring oss har etablert dette, og no startar òg Os kyrkjelyd med utsending av ein enkel e-post med nokre ord frå sokneprest, dagleg leiar eller øvrig stab, samt program for komande veke i kyrkjelyden. I same vending avvikler vi trykking av eigne kunngjeringsark til gudstenester. Her vil både oppslag i våpenhusa og Tunet, samt munnleg kunngjering i kyrkja ta over. Men skal du få med deg det store mangfaldet som rører seg i kyrkjelyden, bør du registrere deg for nyheitsbrevet!
Skulle du ombestemme deg eller få nyheitsbrevet ved ein feil, er det berre å gje oss beskjed.
