Er du vår nye daglege leiar?

Os sokn har ledig stilling frå 1.1.2027 som dagleg leiar, og leitar etter ein nøkkelperson for å leie stjernelaget i soknestaben vidare. Er det deg eller nokon du kjenner? Les meir og søk innan fredag 13. november!

Publisert:

Er du vår nye daglege leiar?

Vil du vere med å forme framtida for kyrkja i Os?

Os sokn søkjer ein engasjert og tydeleg dagleg leiar som vil få ei sentral rolle i ein levande kyrkjelyd.

Os sokn er stort og har eit breitt arbeid, med visjonen «Nær Kristus – nær kvarandre – nær kvardagen». I ryggen har du eit engasjert og arbeidsvillig sokneråd, dyktige og dedikerte medarbeidarar og ei støttande leiargruppe.

Os sokn er eitt av to sokn i Bjørnafjorden kommune, og fellesrådet har òg si eiga driftsavdeling. Dette gjer at dagleg leiars oppgåver er sentrert rundt kyrkjelyden i Os og Nore Neset kyrkjer, og ikkje minst kyrkjelydshuset Tunet kyrkje- og kultursenter, som Os sokn eig og som er eit kraftsentrum for frivillig aktivitet på Osøyro.

Dette er ei spanande leiarstilling for deg som trivst med ansvar, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å bidra til at kyrkja er ein relevant og open møteplass for menneske i alle aldrar og livssituasjonar.

 

Fullstendig utlysing og meir informasjon finn du på Kirkejobb.no. Søknadsfrist er fredag 13. november!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"