Babysong

Som ein del av trusopplæringa i Den norske kyrkja tilbyr vi babysong i heile Øygarden.

Foto: Bo Mathisen

Babysong

På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. De vil få tips om korleis de kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dykkar, og de vil få råd om korleis de kan gje barnet trusopplæring gjennom song og musikk.

Kvifor er babysong viktig?

  • Gjennom rytme, song og musikk blir heile mennesket engasjert, uavhengig av alder.
  • Ein treff andre foreldre/føresette i same situasjon, og ein får knytte nye kontaktar.
  • Song og musikk skapar gode augneblink saman med barnet i kvardagen.

 

Blomvåg barnehage:

I samarbeid med Blomvåg barnehage. Samlingane er annankvar tysdag i barnehagen kl. 10-12. For meir informasjon følg med på facebook.

Fjell kyrkje - pga. renovering er vi no i Åpen barnehage på Fjell:

I samarbeid med KFUK-KFUM Åpen Barnehage. Samlingane er på tysdagar kl. 12.30-14.30, og blir leia av Vibeke Suphellen. Meir info finn du på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden

Landro kyrkje:

Kvar torsdag frå kl. 12.00 er det babytreff i Landro kyrkje. Her kan du treffe andre småbarnsforeldre og babyer til prat, leik, musikk og sansing. Kl. 12.30 blir det enten babysang oppe i kyrkjerommet, eller songstund i kjelleren. Det er Kfuk-Kfum åpen barnehage som står for dette. Sjå meir på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden

Foldnes kyrkje:

Her skjer babysongen i regi av T-dagen, og blir leia av Elisabeth Møll Jung. Samlingane i Foldnes kyrkje er annankvar måndag kl. 10-12, med oppstart måndag 8. januar. Påmelding her

 

Velkomen til babysong!

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"