Frå Lars var 12 til han var 17 år, rusa han seg. I vaksen alder byrja han igjen, og dei viktige formative åra i livet hans vart i stor grad prega av eit liv der rusen hadde stor makt. Han har kjent på korleis det er å stå utanfor samfunnet, og har brukt mykje tid på å finne vegen tilbake.
– Det å forstå det «normale» språket igjen etter å ha tilbrakt så mykje tid saman med menneske som står utanfor samfunnet, har vore ein del av vegen tilbake, fortel Lars.
Eit fellesskap gjennom song
I periodar av livet har Lars vore i fengsel. Der vart han møtt av eit TenSing-kor som hadde øvingar i fengselet. Gjennom songen fekk han oppleve noko han hadde sakna: tilhøyrsle og fellesskap. Han fekk synge saman med andre innsette, og gjennom leiarane og fellesskapet dei skapte, fekk han også sjå eit glimt av håp. Det å stå saman og synge i kor vart eit viktig møte med menneske som såg han og møtte han med varme og medkjensle.
Eit lite spørsmål som vart eit stort steg
Før sommaren var Lars på MO-senteret, der han møtte diakoniarbeidar Renate Olsen Seim frå Fjell kyrkje. Han hadde fått nok tru på seg sjølv til å våge å spørje om han kunne få jobbe frivillig i kyrkja.
Svaret var ja.
På berre ei lita veke fekk Renate ordna arbeidsklede, bod og utstyr, slik at Lars kunne starte med praktisk arbeid ute, noko han sjølv likar godt. Sidan då har han mellom anna klipt ned tre, luka i beda og vore med på å måle kyrkjelydssalen.

Det raske ja-et betydde mykje. Lars fekk oppleve at nokon hadde tillit til han. Han fekk ei oppgåve, noko å gå til og ein stad der han kunne bidra. Gjennom arbeidet fekk han også kjenne på fellesskapet ved å vere til nytte for andre. For Lars har det vore stort å få kome inn i kyrkja og få lov til å arbeide her. Å møte menneske igjen, vere ein del av eit trygt og godt miljø – og kjenne at han høyrer til.
Og le.
Ekte le.
Å finne tilbake til røtene
Lars har lenge kjent på korleis det er å ikkje ha tillit til seg sjølv, og på at andre heller ikkje har hatt tillit til han. Difor betyr det mykje å få innpass i noko han sjølv omtalar som «normalt». Å få ei oppgåve. Å bli rekna med. Å vite at nokon ventar på at han skal kome. Når andre viser han tillit, blir det også lettare for Lars å stole på seg sjølv igjen.
For han handlar frivilligheita ikkje berre om å ha ein stad å vere. Det handlar om å kjenne at han kan bidra med noko, og at det han gjer har verdi.
Kanskje er det også noko som bind saman historia hans. I fengselet fann han eit fellesskap gjennom songen. No har han funne eit nytt fellesskap gjennom arbeidet i kyrkja. Begge delar har gitt han ei kjensle av å høyre til. Samtidig har møtet med kyrkja vore som å finne tilbake til noko han kjende frå før. Lars hugsar fellesskapet frå søndagsskulen og det å vere i kyrkja. No har han fått kome tilbake til noko av det han ein gong kjende, men på ein ny måte.
«Ekte le»
Noko av det fyrste Lars sa til meg, var at han endeleg hadde fått «ekte le». Det har ikkje vore ein sjølvsagd del av kvardagen hans. No har han funne noko som lenge har vore vanskeleg å få tak i, håpet og gleda over å kunne le heilt ekte.
Tilliten han har møtt, fellesskapet han har blitt ein del av og oppgåvene han får, har gitt han noko å byggje vidare på. Håpet om eit liv utan rus har blitt meir enn ein fjern tanke. Det har blitt noko han faktisk vågar å tru på.
Ei sorg over mange tap
Samtidig som Lars har funne tilbake til håpet, ber han på ei sorg som mange andre kjenner på. Han har vore ein del av eit miljø med altfor mange tap. Han har mista fleire vener og kjenningar til rusen. Mange av dei som døyr av rusrelaterte årsaker, får ikkje den merksemda og synlegheita som andre dødsfall får. Difor betyr minnegudstenesta på Verdens overdosedag mykje for Lars.

Den 31. august, på den internasjonale overdosedagen, inviterer Fjell kyrkje til minnegudsteneste for alle som har mista nokon til rusrelaterte dødsfall. Minnegudstenesta er open for alle, uavhengig av om du trur, tvilar eller ikkje veit kva du trur. Her skal vi få stoppe opp og minnast dei vi har mista. Vi skal gi plass til sorga, men også til håpet.
For Lars handlar håp ikkje om å gløyme det som har vore. Det handlar om å våge å tru på at livet kan bli annleis. Og kanskje handlar det også om å kunne le igjen.
Velkomen til minnegudsteneste i Fjell kyrkje 31. august. Vi håpar å fylle kyrkja og saman minnast dei vi har mista.
Solveig Karoline Flekstad Vik
